Skip to main content

Jurakaŭe

Merk

Denne oversikta er under utvikling. Nokre lenker vil derfor ikkje fungere, men meir vil komme etter kvart. Enn så lenge får dette vere eit hint om kva Jurakaŭe har å by på.

Velkommen til Jurakaŭe! Jurakaŭe er eit personleg sci-fi-verdsbyggings­prosjekt som m.a. kan fungere som utgangspunkt for rollespel, til dømes med ein noko innsnevra versjon av Starfinder-systemet. For meir informasjon om det rollespel­tekniske, sjå «Rollespel» i menyen over.

Verda er laust basert på vår eiga, med hovudvekt på politisk og teknologisk realisme. Alle stadar, inkludert stjerner og planetar, er imidlertid fiktive. Tidsperioden er ikkje direkte overførbar til vår verd, men kan seiast å vere omkring åtte til ni hundre år inn i framtida. På grunn av fokuset på realisme er det ingen magi i Jurakaŭe, og det meste følger kjende fysiske lovar og avgrensingar. Enkelte nyvinningar har likevel funne stad dei siste åtte hundre åra, som for oss naudsynleg vil verke mest som magi. For meir informasjon om tankane bak Jurakaŭe, sjå meta-artikkelen om bakgrunn og stil for Jurakaŭe.

Det er enno mange detaljar som manglar og mykje som må fyllast ut før Jurakaŭe kan bli eit full­stendig og fungerande samfunn. Alt frå namn og historiske detaljar til teknologi og folke­slag er framleis under utvikling og kan bli endra. Enkelte ting er likevel relativt fastlagte. Jurakaŭe består til dømes av tre befolka stjerne­system. For meir informasjon om galaksen, sjå introduksjonen og resten av dokumentasjonen her.

Nytt og endra

2023-03-26

2023-01-15

2022-02-08

Flagg og andre småting:

2021-10-14: Romfart og gruvedrift

2021-09-05: Tidsrekningar

2021-08-16: Robotar

2021-06-12

2021-05-24: Mangfald

Rollespel-teknisk:

2021-04-22: Geografi

2021-04-02: Religion

2021-03-25: Folk i rymden!

2021-03-20: Private selskap

PS: Jurakaŭe er førebels ikkje lisensiert eller meint for bruk av andre.