Skip to main content

Den renziske sambandsstaten

Versjon 0.1, 2021-04-03

Renzi (/'ren,tsi:/, monda: Renco), offisielt Den renziske sambands­staten, er det tredje største landet på Paĉa og ei av dei tre stormaktene saman med Enuhem og Senchi-imperiet. Landet vart i praksis ein felittisk nasjonalstat etter samanslåinga av fleire mindre og hovudsakleg felittiske statar.

Hovudstaden i Renzi er Streznej. Renzisk er også blitt det de facto arts­språket for felidane.

Historie

Renzi var lenge eit laust område med mange mindre felittiske statar leia av ulike fyrstar, både kongelege og folkevalde. Da Senchi-imperiet vart etablert i år 2682 kjende mange av dei små­statane seg utsette, og i 2695 gjekk fem av dei saman om å danne Den renziske sambands­staten. I løpet av dei neste tiåra gjekk også dei resterande små­statane inn i Sambands­staten.

Den renziske sambandsstaten vart i år 3442 den tredje romfarts­nasjonen, og stadfesta med det posisjonen sin som ei paĉisk stor­makt, fem år etter at Enuhem og Keisardømmet Senchi lanserte sine romfarts­program. Som dei to andre var også Renzi involvert i ei rekke interesse­konfliktar. Landet var ikkje offisielt stridande i Tinasjons­krigen, men var tungt inne med påverking og støtte til enkelte av aktørane.

Som romfartsnasjon var også Renzi ein sentral aktør i koloniseringa av Kamak.

Politisk system

Den renziske sambandsstaten vart oppretta som ein slags konføderasjon mellom dei ulike felittiske små­statane, men ei stadig sentralisering har brakt landet nærmare ein føderasjon. Dei ulike delstatane fekk behalde sine interne politiske strukturar, inkludert fyrstehus og eigne valsystem, men måtte avgje suvereniteten sin til dei (kon-)føderale styres­maktene.

Som eit føderalt system er renzisk politikk organisert på to nivå: delstatane og sambandsstaten. Delstatane har sine eigne val og lokale lover, men må følge pålegg og lovgjeving frå den sentrale styresmakta. Sambandsstaten er organisert som ein republikk, med Sambandshuset som lovgjevande makt.

Sambandshuset har to kammer, kjende som Stats­kammeret og Folke­kammeret. Stats­kammeret er det øvre kammeret og direkte utpeika av dei sittande delstats­regjeringane, mens Folke­kammeret er direkte valt av det renziske folket. Representantar i Stats­kammeret sitt i seks år av gongen, mens folke­representantane blir valde kvart fjerde år.

Den renziske sambands­regjeringa blir styra i samråd mellom ein første­minister utpeika av Sambands­huset og ein president vald direkte av innbyggarane. Første­ministeren nominerer regjerings­medlemmane, og presidenten godtek dei. I det øvrige fungerer første­ministeren som regjerings­sjef og presidenten som stats­overhovud.