Skip to main content

Alliansen av frie himmellekamar (ALA)

Versjon 0.3, 2019-05-26

Alliansen av frie himmellekamar (monda: La alianc de liberaj astroj, ALA) er ein laust samansett allianse av folk, grupper og entitetar i Utu-systemet. Alliansen er meir anarkistisk enn han er strukturert, og fungerer ikkje som noka styres­makt eller eingong som ein einheitleg politisk entitet. I staden fungerer han som ein slags paraply­organisasjon for dei som bur i Utu-systemet, så dei kan samarbeide om alt frå arbeids­forhandlingar til organiseringa av lause militsar for å forsvare folket mot piratar.

Historie

Alliansen vart grunnlagd i 4164 av fleire grupper av busettarar og arbeidarar i Utu-systemet.

ALA Folkeforsvar

Alliansen eig ingenting i seg sjølv, og er i staden avhengig av ressursane medlemmane stiller til rådigheit. Dette inkluderer dei «væpna styrkane», som ikkje kvalifiserer som nokon konvensjonell militær styrke, men består av sjølvforsvars­militsar. Det finst inga koordinering av ny­anskaffingar og ingen uniform, skjønt enkelte meir seriøse medlemmar har byrja bruke ein logo for «ALA Folkeforsvar» på skip og rom­drakter.

Sjølvdrivne gruve­operasjonar

Ein av dei fremste organisasjonane under Alliansen er Gruve­kooperativet, som driv gruvedrift i relativt liten skala. Forutan lønn og andre utgifter går vinninga frå denne gruvedrifta i stor grad til underhald for Alliansen.

Religion

Mange av dei som bur i Utu-systemet, og særleg dei som høyrer til Alliansen, er meir personleg religiøse og praktiserande enn folk i Inti- og Zuhe-systema. I tråd med Alliansen sin anarkistiske ånd er det likevel ikkje innført nokon offisiell politikk om religion, og medlemmane står derfor fritt til å følge den religionen dei ønsker, slik dei ønsker.

Fleire religionar er representerte blant innbyggarane i Alliansen. Fremst blant desse er Fellesskapet Nye horisontar og anterismen, men også fleire former for spiritualisme er å finne. Eit felles­trekk for religionane blant ALA-medlemmane er fokuset på både personleg og felles tilbeding. Dei religiøse oppgjev også ofte at dei føler dei har vendt attende til ein «reinare» levemåte, som følge av den langt meir prekære livs­situasjonen og det direkte forholdet til universet, utan tryggings­netta etablerte statar eller til og med terraforma planetar kan tilby.