Skip to main content

Cosmova

Versjon 0.1, 2021-09-22

Cosmova er eit Kamak-basert frakt- og gruveselskap. Selskapet driv hovud­sakleg gruve­drift i det intiske asteroide­beltet, men tek også frakt­oppdrag for andre selskap. Cosmova er delvis eigd av paĉiske Innospace, og takka vere Innospace sine mange investeringar i romteknologi har selskapet vore i stand til å posisjonere seg som ein marknads­leiar med ei moderne flåte og konkurranse­dyktige prisar og tenester.

Cosmova si utstrekte effektivisering og bruk av avansert teknologi, og særleg KI, har ført til mykje motvilje og motstand frå dei meir «tradisjonelle» frakt- og gruve­selskapa i Inti-systemet, som Minjieri Aitarel og Mineral Cargo Logistics. Dei siste åra har det vore gjennomført fleire sabotasje­aksjonar mot Cosmova sine skip og operasjonar, og arbeidarane deira kjem stadig i slagsmål med dei frå andre selskap. Politistyrken på Komkos-6, romstasjonen der Cosmova gjennomfører mange av operasjonane sine frå, har omtalt desse konfliktane som noko tilnærma gjeng­konfliktar på stasjonen.