Komuna kosmostacio 6
Komuna kosmostacio 6 (Komkos-6), eller Felles romstasjon 6, er éin av to UIA-kontrollerte romstasjonar i det intiske asteroidebeltet. Stasjonen fungerer både som militærbase og sivil stasjon for logistikk og operasjonar i Asteroidebeltet. Som alle operasjonar i Beltet er stasjonen offisielt under kamakansk sivil administrasjon, mens det militære ansvaret er delt mellom Romflåta sine LOGKOM og EKSKOM og Hæren.
Design
Komkos-6 er ein roterande ringstasjon med éin hovudring og to mindre dokking-ringar. Hovudringen er basert på Stanford sitt konsept for romstasjonar, og rotasjonen simulerer tilnærma paĉisk gravitasjon. «Under» hovudringen svevar ein ikkje-roterande solspegel som reflekterer sollys til dei indre speglane rundt navet.
Hovudringen er delt inn i seks sonar mellom eikene som bind ringen til det sentrale navet. Sone éin til tre er kommersielle soner med bustadar, kontor og andre fasilitetar. Sone fire og fem er dedikerte til industri og produksjon, inkludert lokal matproduksjon i større skala. Sone seks er militær og stengd for sivile. Kvar sone er igjen delt inn i seksjonar. Adresser på stasjonen består av bygg, sone, seksjon og ev. retning, t.d. «Kompleks 9, 2-9 nord». «Sør» på stasjonen er i retning solspegelen, og «aust» blir dermed i rotasjonsretninga.
«Over» (nord for) hovudringen, samankopla gjennom ein sentral akse, er dei to dokking-ringane. Den første ringen er for sivil og kommersiell trafikk, mens den andre utelukkande er til militær bruk. Desse ringane er mykje mindre enn hovudringen, som gjev ei lågare rotasjonshastigheit og opplevd gravitasjon. Dette gjer det enklare for romskip å legge til, men også å handtere lasting og lossing av skipa. I tillegg til ytre dokkingsluser har dei øvre ringane også indre hangarar for mindre skip.
Den sentrale aksen mellom dei tre ringane har tilnærma ingen gravitasjon og mogleggjer enkel forflytting av personell og ressursar mellom ringane.
Sivil bruk
Trass i at den største gruvedrifta no skjer i Utu-systemet er det framleis fleire aktive gruveoperasjonar i Inti-systemet, og mange gruveselskap brukar Komkos-6 både som logistikkbase og som heimestasjon for arbeidarane sine. Blant dei største frakt- og gruveaktørane på stasjonen er Minjieri Aitarel, Cosmova og Mineral Cargo Logistics. Den ekstrasolare ekspedisjonen opererer først og fremst i Utu-systemet og brukar normalt ikkje Komkos-6 som mellomstasjon for fraktskipa sine.
Sivil orden på stasjonen er ivareteken av ein lokal politistyrke under kamakansk jurisdiksjon.
Militær bruk
Den militære delen av Komkos-6 er heimestasjon for halvparten av Den intiske romflåta sine patruljeoppdrag i Asteroidebeltet. Stasjonen er administrert og driven av LOGKOM, mens patruljering og liknande ligg under EKSKOM. I tillegg til patruljeoppdraga fungerer stasjonen som éin av fleire støttestasjonar for dei øvrige intiske ekspedisjonsflåtene. Den militære tryggleiken på stasjonen er ivareteken av permanent stasjonerte Ariergard-avdelingar, inkludert militærpoliti, mens både konvensjonelle styrkar og spesialstyrkar frå Avangarden har roterande opphald på stasjonen.