Skip to main content

Kamak

Versjon 0.2, 2021-09-21

Kamak er den tredje planeten i Inti-systemet og var den første planeten som vart kolonisert av dei paĉiske nasjonane. Planeten er i dag kontrollert av Kamak sentral­komité (KCK) og Den inter­planetære sentral­komitéen (ICK), som ein del av Den sameinde Inti-administrasjonen.

Etymologi

Namnet Kamak kjem frå Pacha Kamaq, ein tidleg gud og skapar av jorda.

Geografi

Kamak er ein steinplanet med to månar, Koniraja og Paricia. Koniraja tek namnet sitt frå måneguden Coniraya, mens Paricia er oppkalla etter ein gud som skal ha sendt ei syndeflod for å drepe dei som ikkje respekterte han.

På grunn av måten koloniseringa av Kamak vart gjennomført på, er planeten ikkje delt inn i tradisjonelle land i form av nasjonal­statar eller liknande. I staden er heile planeten styrt langt meir ovanifrå og ned, med den planetære suvereniteten trygt plassert hos KCK i hovudstaden Pacej, «Fredsbyen». I tillegg til å fungere som planetært administrasjons­senter er Pacej den største byen på planeten og eit senter for finans og romfart.

På overflata er Kamak delt inn i fleire administrative nivå under KCK. Denne inndelinga er blitt endra fleire gongar etter kvart som planeten er blitt meir og meir kolonisert. I dag består inndelinga av:

  1. Regionar (omtrent tilsvarande paĉiske kontinent eller verds­delar),
  2. Guvernement (tilsvarande overnasjonale grupperingar),
  3. Direktorat (tilsvarande land),
  4. Distrikt (tilsvarande fylke) og
  5. Prefektur (tilsvarande kommunar og større byar).

Romhamner

Forutan Pacej romhamn finst det eit par andre stats­eigde romhamner på planeten for statleg og militær bruk. Enkelte av desse leiger også ut ekstra kapasitet til kommersielle aktørar.

Romstasjonar

Som på Paĉa føregår interplanetær transport for det meste gjennom romstasjonar. Komuna kosmostacio 5 (Komkos-5) er den eldste og viktigaste stasjonen i så måte.

Månen Koniraja gjer same nytte for Kamak som Kila gjer for Paĉa, og Luna habitat 6 (Luha-6) er den sentrale gjennomfarts­åra for større romskip. Koniraja har også to aktive vitskaps­basar: statlege Scienca lunbaz 3 (Scilun-3) og den private forskings­stasjonen Inter­komunuma lun­laboratorio 1 (Inkolab-1). I tillegg er månen heim for Logistika lunbaz 3 (Lolun-3) og Kosmoflota lunbaz 3 (Flolun-3). Flolun-3 er heimehamna til Kamak hurtige reaksjons­styrke (K-RRF), slik Flolun-2 er for Paĉa.

Den andre månen, Paricia, er for liten og bana for irregulær til å huse månebasar av betydning.