Skip to main content

Huitaka

Versjon 0.1, 2020-01-24

Huitaka er den tredje planeten i Zuhe-systemet og den første som vart kolonisert. Planeten er i dag sentrum for Det planetære demokratiet Huitaka og medlem av Konføderasjonen av uavhengige planetar. Namnet tek Huitaka frå den rebelske gudinna for kunst, dans, hekseri og seksuell frigjering.

Geografi

Huitaka er, som alle andre koloniserte planetar, ein mellomstor steinplanet. Den planetære hovudstaden er Huitashi, og planeten er delt inn i fire administrative nivå:

  1. Direktorat (mindre verdsdel),
  2. Departement (land)
  3. Sone (landsdel)
  4. Distrikt (kommune)

Den administrative inndelinga avvik noko for dei største urbane sentra. Huitashi er til dømes klassifisert som eit eige departement, der sonene utgjer bydelane, som i enkelte tilfelle er på storleik med mindre byar i seg sjølv.

Romhamner

Dei fleste romrelaterte aktivitetane på Huitaka er konsentrert rundt den største romhamna på planeten, kjend som Allstad, eller Rombyen. Allstad vart konstruert som eit senter for romfarts­industrien og vart etablert godt unna anna bebygging.

I tillegg til Allstad finst det fleire mindre romhamner, gjerne bygd for spesifikke bruksområde eller for eit avgrensa publikum.