Spelsystem
Jurakaŭe er i utgangspunktet meint å fungere med Starfinder-systemet, men kan også tilpassast andre system. Traveller og d20 Modern er gode kandidatar. D&D 5e vil krevje nokre større tilpassingar, men kan også fungere.
Alle referansedokumenta (system reference documents, SRD) for Starfinder er fritt tilgjengelege på Archives of Nethys under Open Game License 1.0A og Paizo sin Community Use Policy.
På grunn av mangelen på magi og andre overnaturlege krefter gjer Jurakaŭe berre bruk av delar av Starfinder-reglane. Overnaturlege og magiske krefter (Su og Sp) er ikkje med, og klassane Mystic, Solarian, Technomancer, Vanguard og Witchwarper er ikkje representerte. Med litt tilpassing og omskriving er det likevel mogleg at avmystifiserte versjonar av desse klassane kan passe inn i Jurakaŭe.
Jurakaŭe erstattar elles alle Starfinder sine rasar, skapningar, gudar og stadar med sine eigne. Dei fritt tilgjengelege referansedokumenta for Starfinder er derfor nok for å spele i Jurakaŭe, og ein treng ikkje Paizo sitt proprietære innhald.
Detaljar om det rollespeltekniske, som statistikkar og eigenskapar for dei ulike artane, vil dukke opp her etter kvart.
Omsettingar
Referansematerialet for Jurakaŭe er norsk og brukar dei følgande omsettingane frå dei engelske referansedokumenta for Starfinder:
Engelsk | Norsk |
---|---|
Ability | Eigenskap |
Strength (STR) | Styrke |
Dexterity (DEX) | Rørlegheit |
Constitution (CON) | Konstitusjon |
Intelligence (INT) | Intelligens |
Wisdom (WIS) | Visdom |
Charisma (CHA) | Karisma |
Stamina point (SP) | Uthaldenheitspoeng |
Health point (HP) | Helsepoeng |
Kinetic armour class (KAC) | Kinetisk rustningsnivå |
Energy armour class (EAC) | Energetisk rustningsnivå |
Saving throw | Redningskast |
Fortitude (FOR) | Standhaftigheit |
Reflex (REF) | Refleks |
Will (WIL) | Vilje |
Resistance | Motstand |
Skill | Ferdigheit |
Acrobatics | Akrobatikk |
Athletics | Idrett |
Bluff | Bløff |
Computers | Informatikk |
Culture | Kultur |
Diplomacy | Diplomati |
Disguise | Forkleding |
Engineering | Ingeniørfag |
Intimidate | Skremming |
Life Science | Biologi |
Medicine | Medisin |
Mysticism | Religion |
Perception | Sansing |
Physical Science | Fysikk |
Piloting | Fartøysføring |
Profession | Yrke |
Sense Motive | Innsikt |
Sleight of Hand | Fingernæmheit |
Stealth | Sniking |
Survival | Overleving |