Skip to main content

Fabbrika tad-Dinamika Kinetika

Versjon 0.1, 2021-08-15

Fabbrika tad-Dinamika Kinetika (Fadiki) er eit av dei leiande selskapa innanfor robotikk i Inti-systemet. Fadiki står bak mange av dei mest populære modellane for robot­kompanjongar i UIA, men leverer også store mengder industrielle robotar og dynamiske løysingar til andre føretak.

Kunstig intelligens

Fadiki såg tidleg behovet for ei større satsing på kunstig intelligens innanfor robotikken, og kjøpte derfor opp KI-selskapet Intellitron. Intellitron vart integrert i Fadiki og namnet er framleis i bruk internt i KI-avdelinga deira. Den tette integreringa av maskinvare og programvare gav Fadiki ein stor fordel i utviklinga av intelligente robotar og la grunnlaget for det som skulle bli dei mest avanserte KI-robotane i Inti-systemet, både i industrien og forbrukar­teknologi.

Produkt

Fadiki sine produkt er hovudsakleg organisert i fire kategoriar: industriell teknologi, generell forbrukar­teknologi, personlege assistentar og antroidar. Industriell teknologi inkluderer spesialutvikla robotar, styringssystem og avanserte KI-produkt for spesifikke oppgåver og tilpassa ulike industrielle krav og behov. Forbrukar­teknologi er på same måte spesialiserte robotar og KI-løysingar retta mot den private forbruks­marknaden, og omfattar ulike typar heime­automatisering og underhaldings­løysingar.

Dei personlege assistentane til Fadiki, som dei kallar kompanjongar, er kjende for å vere blant dei mest livaktige assistentane på marknaden. Selskapet har spesialisert seg på design basert på ville dyr, og mange av produkta fungerer derfor som eit slags kjæledyr i tillegg til å vere personlege KI-assistentar. Kompanjongane kjem i fleire ulike prisnivå og dei ulike modellane har ei rekke moglege konfigurasjonar.

Den siste kategorien, antroidar, er også den mest kontroversielle i Inti-systemet. I tillegg til det interstellare forbodet mot sjølvmedveten KI har Administrasjonen vedteke eit forbod mot robotar som kan forvekslast med levande skapningar. Fadiki har likevel lykkast i å utvikle livaktige antroidar til fleire formål, særleg innanfor luksus­marknaden, utan å bryte med kravet om at det må vere tydeleg at dei er robotar. Desse fyller ofte rolla som personlege assistentar for dei som ønsker noko meir enn eit «kjæledyr» eller ordinære heime­løysingar, men dei blir også bruka i situasjonar der det meir folkenære designet kan kjennast meir naturleg enn meir funksjonsretta robotar eller abstrakte KI-løysingar.