Skip to main content

Kemismen

Versjon 0.1, 2021-04-01

Kemismen (medlem: keman, adj.: kemistisk) er ein av dei større religionane i Jurakaŭe. Religionen er relativt ung og tek utgangspunkt i læra til grunnleggaren Issát Kemi. Kemi erklærte seg for å vere Guds sendebod, og forkynde ein ny religion med utgangspunkt i ei sosiologisk forståing av rikbansk monoteisme. Den kemistiske læra bryt med ei lang rekke rikbanske tradisjonar og utgjer eit radikalt avvik frå tidlegare lære, og kemismen blir derfor ikkje rekna som ein avart av rikba, men ein heilt ny religion.

Demografi

Kemismen er representert i alle dei bebudde stjernesystema. Størst er religionen mogleg blant Kemi sine artsfellar, mustelidane, men religionen har fått fotfeste blant alle artar. Den minste demografien er klart avidane, ettersom det rikbanske Avittiske riket har erklært kemismen for ulovleg kjetteri. Kemismen er med det den einaste av dei større religionane som ikkje er tillaten i Riket.

Historie

Kemismen har sitt utspring i læra til Issát Kemi. Kemi vaks opp som praktiserande rakib, men erklærte seg for Guds sendebod i år 926 rikba (3384 JP). Han tok da til å forkynne eit radikalt brott med rikbansk lære, og fekk raskt ein liten men lojal følgarskare. Dei rikbanske kyrkjene fordømde han som ein løgnar og ein kjettar, men Kemi fekk likevel med seg ei rekke reformistar og nytenkarar frå fleire religiøse retningar.

Dei kemistiske disiplane, som kalla seg kemanar, byrja etter kvart skrive ned læra. Denne litteraturen vart seinare sett saman til det som skulle utgjere den sentrale læreboka, Semja. Deira eigne historier og forteljingar vart også samla i Vitnesbyrda for å gje kontekst, forståing og ytterlegare kjelder til praksis som ikkje er dekt i Semja.

Teologi

Kemismen er ein monoteistisk religion og lenar seg sterkt på den rikbanske forståinga av ein personleg, aktiv og allmektig Gud. Issát Kemi si rolle som Guds sendebod bryt derimot totalt med rikbansk teologi, som lærer at Gud ikkje avslører seg direkte for folket. Kemi forklarte denne endringa med at Gud ønskte å innleie ein ny æra og fornye både religionen og verda Hennar.

Den kemistiske Gud er ikkje berre den same som den rikbanske Gud. Kemi meinte nemleg å kunne avskaffe rikbansk empirisk teologi, ettersom Gud endeleg hadde gjort intensjonane Sine kjende. I staden introduserte Kemi det han omtalde som sosial­teologi. Kemistisk sosial­teologi ser religion i samanheng med samtida og det samfunnet han oppstår i. Kemi meinte derfor at dei fleste eller alle religionar opp gjennom tida var ulike manifestasjonar av den same sanne religionen, og at dei ulike guddommane alle var tolkingar og avbildingar av same Gud.

Dette inkluderte også svært ulike og nærmast poly­teistiske tradisjonar som den anteriske gudetrioen og dei sardiske åndane, som Kemi meinte var naudsynte forvrengingar av Gud for å gjere Ho tilgjengeleg for dei meir primitive folkeslaga som religionane oppstod blant. Innanfor kemistisk sosial­teologi blir desse gudane og åndane omtalde som «avatarar» eller ei oppdeling av Guds vesen i fleire representasjonar. Denne aksepten er først og fremst historisk og kjem fram i det sosial­teologiske synet på dei eldre religionane.

Ifølge Kemi hadde desse religionane spela ut si rolle og var avlegse. I staden hadde Gud vald Issát Kemi som Sitt levande sendebod, og Kemi sette dermed i gang ei fornying av heile den religiøse ordenen. Kemi hevda ikkje sjølv å vere heilag, men kalla seg eit talerør for Gud. Læra hans er samla i ei sentral lærebok med tittelen Semja, mens Vitnesbyrda er basert på forteljingane til hans samtidige disiplar.

Kemi meinte sosialteologien var høgdepunktet for religiøs forståing og medvett, og at det derfor neppe ville komme noko nytt sendebod etter han. Han var likevel open for at samfunnet kunne endre seg, men la sterke føringar på kva ein kunne vente av eit nytt sendebod. For det første vil det berre komme eit nytt sendebod dersom samfunnet går gjennom ei stor omvelting; for det andre vil ein tilbakegang til poly­teisme vere uakseptabelt, no som Gud har avslørt sin sanne natur.

Guds intensjon med religionen er ifølge kemismen å leie folket Hennar stadig vidare til nye høgdar. Kemismen legg derfor stor vekt på samfunnet og det kollektive framsteget, som i enkelte tilfelle må komme på kostnad av individuelle fridommar og rettigheiter. I denne samanhengen nytta Gud også sendebodet Sitt til å rette opp i fleire misforståingar som oppstod som følge av feil­tolkingar i rikbansk empirisk teologi. Dette gjaldt særleg dei nyare og meir liberale tolkingane av individuelle plikter og rettar i rikba.

Organisasjon

Kemismen er langt meir sentralisert enn rikba, som er den mest nærliggande religionen å samanlikne med. Kemi grunnla sjølv ei eiga kyrkje utanfor den rikbanske tradisjonen. Som Guds sendebod var Issát Kemi også Hennar representant i denne verda og det naturlege over­hovudet i Den kemistiske kyrkja. I mangel av fleire sendebod etter Kemi vart denne institusjonen vidare­ført i form av hóvdaen (av nokre òg omtald som høvdingen), som blir vald på livstid av Hennar råd.

Hennar råd er det kemistiske eldrerådet, som består av tjue vaktaar og utgjer eit slags sentral­styre for Den kemistiske kyrkja. Rådet har saman med hóvdaen religiøs autoritet over alle kemanar i heile verda og organiserer dei ulike nasjonale kyrkjene under seg. Kvar nasjonale kyrkje er leia av ein over­vódji. Desse er i sin tur organisert regionalt under vódjiar, og lokalt med over­prestar og prestar i dei enkelte kyrkjene.

Praktisering og ritual

TODO: Skriv meg.