Skip to main content

Språk

Innbyggarane i Jurakaŭe har ei rik historie og snakkar ei rekke ulike språk. Med den stadig aukande sentraliseringa av statsmakta sia romalderen byrja, har likevel enkelte språk fått større omfang og utbreiing enn andre. Dei fleste artane har utvikla eitt eller eit par felles språk dei kan forstå seg imellom, i tillegg til verdsspråka og andre, meir lokale språk.

Dei tre universelle språka i dag er, rangert etter storleik, monda i Inti-systemet og luksk og invetanze i Zuhe-systemet. Utu-systemet har inga samlande politisk makt, og folka der snakkar derfor stort sett dei språka dei tok med seg til systemet.

Monda

Da Den sameinde Inti-administrasjonen (UIA) vart grunnlagd, vart også det internasjonale hjelpespråket monda valt som det offisielle arbeidsspråket for Administrasjonen og kommandospråket i Den intiske romflåta. Språket er dermed blitt eit lingua franca for heile Inti-systemet.

Luksk

Luksk var det føretrekne språket blant mange av dei tidlege romfartsentrepenørane, og vart derfor eit hovudspråk i koloniseringa av Huitaka. Som følge av det multinasjonale prosjektet og den raske og plutselege utbreiinga har språket blitt noko forenkla i nyare tid. Det har også tatt til seg vokabular og enkel grammatikk frå fleire andre språk.

Invetanze

Invetanze er avidane sitt nasjonalspråk og det offisielle språket i Det avittiske riket. Da dei koloniserte både Boĉika og Nenkatakoa vart inventanze også eit interplanetært administrasjonsspråk på lik linje med monda og luksk, og det er no eitt av dei to offisielle språka i Konføderasjonen av uavhengige planetar (COP). Invetanze er også kommandospråket for dei avittiske militærstyrkane.

Andre

I tillegg til dei tre store språka finst det ei rekke andre nasjonale språk, som kanidane sitt fellesspråk ĉelabi og det største felittiske språket renzisk.