Skip to main content

Introduksjon

Stjernekart over Jurakaŭe

Jurakaŭe (uttala jura-KA-weh; òg stava Juracàoue m.v.) er namnet på galaksen som inneheld dei tre busette stjernesystema: Inti-systemet, Zuhe-systemet og Utu-systemet. Forutan desse er det ingen permanente busetnadar i Jurakaŭe. Romfart utanfor dei tre «kjende» systema er sjeldan, risikabelt og lite lønsamt.

Etymologi

Namnet Jurakaŭe kjem from kaurna-ordet Yurakauwe. Ordet skildrar opprinneleg dei mørke «flekkane» i galaksen, og kan omsettast som «monstervatnet».

Innbyggarar

Jurakaŭe er befolka av ei rekke ulike artar, alle med utspring frå planeten Paĉa. Desse er alle tofota, oppreiste skapningar som i stor grad utvikla seg parallelt på planeten, men ulik historisk og genetisk bakgrunn har skapt store skille mellom dei.

Politikk

Politikken i Jurakaŭe er dominert av to interplanetære politiske entitetar: Den sameinde Inti-administrasjonen (UIA) og Konføderasjonen av uavhengige planetar (COP). UIA er ein relativt einheitleg entitet, mens COP består av to suverene medlemmar, Det planetære demokratiet Huitaka og Det avittiske riket. I Utu-systemet finn ein også den laust samansette Alliansen av frie himmellekamar (ALA).

Sjølv om dei ikkje offisielt blir rekna som imperium, har både UIA og COP fleire likskapar med historiske imperium. Blant anna opererer dei alle som multinasjonale stats­strukturar som regjerer over fleire separate folkeslag og territorium. Dette gjeld særleg for Inti-administrasjonen, men også Konføderasjonen strekker seg over fleire nasjonar og koloniar. Den kanskje største skilnaden mellom dei moderne stjerne­statane og dei historiske imperia er at dei førstnemnde oppstod gjennom friviljuge alliansar snarare enn militær erobring eller politisk makt.

Kort historie

Jurakaŭe er no inne i det 42. århundret i den kurovske kalenderen. For fleire detaljar, sjå moderne historie.

Intelligent liv oppstod på Paĉa i Inti-systemet. Livs­formene utvikla seg etter kvart til ulike tobeinte antropo­morfe skapningar, og det er i dag fleire ulike intelligente artar. Desse har tradisjonelt halde seg til segregerte grupper basert på art og genetisk familie, men ei viss mingling av artar verkar å ha funne stad i store delar av den kjende historia.

Etter den innleiande koloniseringa av Kamak tok romfarta for alvor til, og i år 3858 vart ein koloni etablert på planeten Huitaka i nabosystemet Zuhe. Litt etter vart også Boĉika kolonisert, og Zuhe-systemet vart ein sjølvstendig aktør i det politiske landskapet. Dei to Zuhe-planetane danna Konføderasjonen av uavhengige planetar (COP), mens planetane i Inti-systemet danna Den sameinde Inti-administrasjonen (UIA).

Med kommersialiseringa av romfarta kom også ressurs­utnyttinga av verdsrommet, og Utu-systemet, som låg tilstrekkeleg nære både Inti og Zuhe, vart eit nøytralt og kommersielt system med tung gruvedrift. Enkelte busettarar søkte seg også dit og etablerte Alliansen av frie himmel­lekamar.