Keisardømmet Senchi
Versjon 0.2, 2021-04-03
Keisardømmet Senchi, òg omtalt som Senchi-imperiet (monda: La senĉia imperio), er det største landet på Paĉa og ein av dei opphavelege romfartsnasjonane. Landet er ei av dei tre paĉiske stormaktene, saman med Enuhem og Renzi.
Historie
Senchi-imperiet vart grunnlagt i 2682, over hundre år etter at Det asseriske riket kollapsa som det siste av Dei seks storimperia. Gjennom kraftig og offensivt diplomati og utstrekt bruk av militære verkemiddel vart Keisardømmet etter kvart større enn det tidlegare asseriske imperiet.
Keisardømmet Senchi si største utfordring på den internasjonale arenaen var Det anuttiske samveldet, som vart grunnlagt i 2729. Keisardømmet og Samveldet var to av dei viktigaste aktørane i firehundreårsperioden kjend som Dei turbulente åra, da dei vekselvis fungerte som som direkte stridande og stabiliserande makter. Da Samveldet vart oppløyst i 3194 tok nyleg suverene Enuhem over rolla som Keisardømmets største rival.
I 3437 vart Senchi-imperiet det første landet med eit statleg romfartsprogram, berre tre månadar før Enuhem. Senchi, Enuhem og Renzi, som følgde etter med sitt eige romfartsprogram i 3442, var på dette tidspunktet etablerte som dei tre moderne paĉiske stormaktene. Trass i sterke interessekonfliktar unngjekk Senchi-imperiet militær konflikt med dei andre stormaktene, men alle tre var aktive støttespelarar i fleire konfliktar, inkludert Tinasjonskrigen, som enda i 3454.
Sia denne storheitstida har Keisardømmet har krympa, men det er framleis det einaste attverande imperiet og det største landet på Paĉa. Landet strekker seg i dag over to kontinent og har fleire oversjøiske territorium.
Politisk system
Keisardømmet Senchi er ein svært desentralisert stat. Historisk vart alle lokale saker overlate til dei lokale styresmaktene, noko som også sikra velvilje overfor den keisarlege sentralmakta. I moderne tid er sentralmakta noko styrka, men systemet er framleis langt meir desentralisert enn typiske konføderasjonar eller andre samansette statar.
Sentralmakta består av keisaren som statsoverhovud og Det keisarlege hoffet som utøvande makt. Storforsamlinga utgjer øvste lovgjevande makt, og er sett saman av representantar frå dei ulike administrative regionane og artssamfunna (sjå konseptet spesifikk jurisdiksjon under Juridisk system).
Dei administrative regionane er todelte i sin natur: for det første fungerer dei som rammeverk for utøvinga av statsadministrasjonen, og for dei andre fungerer dei som lokale sjølvstyresystem for administrativ lovgjeving i regionen. Regionane er i utgangspunktet basert på førimperisk inndeling, men har fleire gongar blitt omorganiserte etter keisarleg instruks.
Juridisk system
Også juridisk er Senchi-imperiet kraftig desentralisert og meir komplisert enn mange andre statar. I motsetnad til andre samansette statar praktiserer Keisardømmet ikkje berre regional lovgjeving basert på territoriell jurisdiksjon, men også ein kombinasjon av sentral og spesifikk jurisdiksjon basert på personleg tilhøyring.
Senchisk sentrallov tek i alle tilfelle presedens over region og tilhøyring, men overlèt mykje til dei regionale og spesifikke domstolane. Den regionale lovgjevinga er for det meste administrativ og knytt opp til dei regionale sjølvstyreadministrasjonane. Dei regionale domstolane fungerer også som tvistedomstolar for saker som fell mellom ulike spesifikke domstolar.
Den spesifikke lovgjevinga er på si side i stor grad basert på tradisjonar frå førimperisk tid, og knytte seg historisk til både religion, art og landområde. Med stadig større grad av mobilitet internt i Keisardømmet har den spesifikke jurisdiksjonen utvikla seg til å fokusere på art framfor religion og lokal tilhøyring. Som eit resultat av dette eksisterer det i dag separate domstolar for alle dei største artane i Keisardømmet. Også utlendingar på senchisk territorium fell normalt under artsspesifikk jurisdiksjon.
I tillegg til regionale og spesifikke domstolar kjem dei keisarlege domstolane, som både handhevar den sentrale lovgjevinga og fungerer som ankeinstans for dei øvrige domstolane. Dei keisarlege domstolane er også den einaste instansen med jurisdiksjon over land og institusjonar direkte underlagt keisaren, samt over hoffet sjølv.