Skip to main content

Supaj

Versjon 0.1, 2020-06-25

Supaj er den Nte planeten i Inti-systemet og tek namnet sitt frå dødsguden Supay. Planeten er ikkje fullstendig terra­forma, og er derfor delt inn i fire såkalla bio­domar, Planedaj habitatoj 7–10 (Plaha-7 til 10). Desse bio­domane har ei mindre romhamn kvar og fungerer som mellom­belse basar for å fullføre terra­forminga av planeten.

Planeten er enno ikkje heilt open for sivil bruk men er likevel heim til fleire levande og lokale kulturar, takka vere dei permanente innbyggarane i bio­domane. Forutan militært personell består innbyggarane av teknikarar, arbeidarar, støttepersonell og familiane deira.

Militær bruk​

Supaj er ein strategisk viktig utpost, og Den intiske romflåta er godt etablert på planeten, med både Logistika surtera baz 9 (Loter-9) og Kosmoflota surtera baz 11 (Floter-11). Planeten har også eit stort skipsverft, drifta av Ŝikonjo i samarbeid med Romflåta.

Det finst to bemanna romstasjonar rundt Supaj, eit skipsverft i bane og ein militær utpost. Utposten var den første som vart etablert på planeten, før nokon av basane på overflata vart etablert, og har framleis ei viktig rolle i UIA sin forsvars­doktrine.