Det avittiske tryggingsministeriet
2021-05-26, versjon 0.1
Det avittiske tryggingsministeriet er den øvste autoriteten for statleg tryggleik i Det avittiske riket. Ministeriet er underlagt den avittiske tryggingsministeren, som også er ansvarleg for Det kongelege tryggingsrådet.
Ministeriet har ansvaret for fleire område, inkludert:
- Innanriks statstryggleik
- Ordinært politi
- Sikring av kritisk infrastruktur og personell
- Politisk overvaking
- Kontraterror
- Kontraspionasje
- Organisert kriminalitet
- Utanriks statstryggleik
- Spionasje
- Avlytting og strategiske nettverksoperasjonar
For å løyse dei ulike oppdraga sine er ministeriet delt inn i fleire direktorat og etatar. Blant dei best kjende er:
- Direktoratet for stabilitet og heimleg tryggleik, med ansvar for dei fleste innanriksoppgåvene, inkludert politi;
- Sambandsdirektoratet, med ansvar for sikring av avittisk kommunikasjon og utnytting av andres; og
- Støttedirektoratet, med ansvar for tryggingspolitisk analyse og avgjerdsstøtte.
Tryggingsministeriet har ein høg status internt i det avittiske statsapparatet og har fleire naturlege samarbeid med andre ministerium, som Utanriksministeriet og Krigsministeriet. Direktoratet for stabilitet og heimleg tryggleik har også fleire flater opp mot Hærens tryggingsdirektorat, som mellom anna fungerer som gendarmeri og er hovudansvarleg for tryggleiken på Nenkatakoa.