Skip to main content

Tidsrekning og kalendrar

Versjon 0.1, 2021-08-29

Tidsrekning i Jurakaŭe er komplisert. På grunn av dei ulike astronomiske forholda har dei fleste planetane sine eigne «lokale» kalendrar. På Paĉa har lenge den kurovske kalenderen vore dominerande, og Den paĉiske sentralkomitéen har også adoptert som sin offisielle kalender. Dette la også visse føringar for den kamakanske kalenderen, som er bygd på same prinsipp som den kurovske for å halde vekedagane nokonlunde synkroniserte mellom planetane.

I tillegg til den kurovske kalenderen er også den rikbanske kalenderen i bruk på Paĉa. Denne kalenderen er i dag hovudsakleg ein sekundær kalender til religiøs bruk, men han er også den offisielle kalenderen i Det avittiske kongeriket og eit par mindre land.

Kurowska-kalenderen

Kurowska-kalenderen, eller den kurovske kalenderen, som han er best kjend som, er ein paĉisk solkalender. Kalenderen var opprinneleg utvikla av den anteriske presten Mariola Kurowska som eit meir stabilt alternativ til tidlegare anteriske kalendrar, men vart etter kvart den dominerande kalenderen også blant ikkje-anteriske nasjonar. Den kurovske kalenderen er i dag Den paĉiske sentral­komitéen sin offisielle kalender, med den fordelen at veke­dagane er meir eller mindre synkroniserte med den kamakanske kalenderen.

Tidsrekninga for Kurowska-kalenderen, som fleire av dei anteriske kalendrane før han, er basert på historia om at solguden Iro skal ha forlate jord­gudinna Vesha og alle levande skapningar til fordel for månegudinna Lakeh. Lakeh skal ha lura Iro med til å bli verande i underverda med Lakeh mykje lenger enn vanleg, og Paĉa vart mørk og kald. Første år i den kurovske kalenderen er derfor sett til da Iro returnerte og brakte lyset attende til Vesha og folket på Paĉa. Kurowska-kalenderen har ingen æra, men årstala kan merkast JP for jaroj paĉaj dersom det er behov for å spesifisere.

Som solkalender har den kurovske kalenderen ti like månadar med fire veker kvar. Kvar veke har åtte dagar (irdag, ladag, vedag, basdag, sedag, undag, vardag og maidag). Den første dagen i kvar månad er derfor alltid irdag, og den siste dagen i månaden er alltid maidag. Denne symmetrien var ein stor grunn til at kalenderen vart så populær.

Ettersom det paĉiske året er 323 dagar, inkluderer den kurovske kalenderen tre inter­kalære dagar (fire ved skottår, kvart fjerde år) mellom den tiande månaden og den første månaden i det neste året. Desse dagane var heilagdagar og markerte tradisjonelt avskjed med det gamle, sjølv­reinsing og velkomst av det nye. Dei inter­kalære dagane er framleis fridagar, og mange feirar framleis ein variant av den gamle overgangs­festen mellom det gamle og det nye året. Dei interkalære dagane er ikkje ein del av den normale veka, og dei forstyrrar dermed ikkje dei symmetriske månadane.

Den rikbanske kalenderen

Den rikbanske kalenderen er ein månekalender som i dag hovudsakleg blir bruka av rakibar i religiøse samanhengar. Enkelte land på Paĉa, deriblant Det avittiske kongeriket, har likevel halde fast ved den rikbanske kalenderen som statskalender også etter at dei fleste andre adopterte Kurowska-kalenderen. Den rikbanske kalenderen tel åra attende til året den første rikbanske kyrkja vart grunnlagd, som tilsvarar år 2436 i den kurovske kalenderen.

Ettersom den rikbanske kalenderen er ein månekalender, vil månadane forskyve seg mellom sesongane etter kvart som åra går. Det rikbanske året er derfor 331 dagar, eller åtte dagar lenger samanlikna med Kurowska-kalenderen. Kalenderen har elleve tretti-dagars månadar delt i fire veker kvar, men for å kompensere for måne­syklusen varierer vekene mellom sju og åtte dagar. Den ellevte månaden har også ein ekstra dag, som ikkje er av religiøs tyding men blir feira som nyttårsaftan.

Den avittiske kalenderen

Da Boĉika vart kolonisert i år 1423 rikba (3893 JP), ærklærte avidane samstundes starten på ein ny æra. Dei byrja da å rekne alle år til og med 1422 som År av Den gamle verda, mens 1423 vart år 1 av Pionéranes æra. I 1481 G.V. (3952 JP), eller 58 P.Å., vart den avittiske hovudstaden flytta til Boĉika, og den avittiske kalenderen vart offisielt endra med utgangspunkt i det boĉikiske året. Årstalet vart ikkje påverka; åra etter 58 P.Å. vart berre lengre enn dei før flyttinga, som følge av overgangen til boĉikiske år.

Den boĉikiske standard­kalenderen blir også delvis bruka som ein sekundær kalender blant dei paĉiske avidane, for å halde følge med resten av Riket. For å markere skilnaden mellom paĉiske og boĉikiske standard­år er praksisen delt mellom å halde fram med tidsrekninga i G.V. eller å merke åra som P.P.Å., for paĉiske pionérår. Den boĉikiske standard­kalenderen er den einaste offisielle kalenderen på Nenkatakoa, men uoffisielle tilpassingar eksisterer også der.

Den kamakanske kalenderen

Den kamakanske kalenderen vart først utvikla som ein del av koloniseringa av Kamak, og tok mykje av inspirasjonen sin frå Kurowska-kalenderen. Kamak har halde på den paĉiske åtte­dagars­veka, som gjer at vekedagane stort sett held seg synkroniserte mellom dei to planetane, sjølv om enkelte stadig argumenterer for ei meir kamakansk sju­dagars­veke.

Kalenderen følger det kamakanske solåret, som er på like over 545 dagar. Året er delt inn i 20 månadar, kvar med 27 dagar, som er tilnærma éin periode for den største månen, Koniraja. I tillegg kjem ei kort veke med fem dagar på slutten av året, etter mønster frå den kurovske kalenderen. Kvart sjette år er denne veka seks dagar. I motsetnad til dei paĉiske interkalære dagane er dei kamakanske dagane vanlege vekedagar.

For å skilje paĉiske og kamakanske solår blir kamakanske år noterte som JK, jaroj kamakaj. År 1 JK er definert til det kamakanske solåret da den første kolonien vart etablert på planeten og samsvarar med år 3644 i den kurovske kalenderen.