Innospace
Versjon 0.1, 2021-09-22
Innospace er eit investeringsselskap med hovudkvarter i Streznej på Paĉa. Selskapet har investert i, eller kjøpt opp, fleire nyoppstarta føretak på både Paĉa og Kamak, og fokuserer på teknologiske nyvinningar innanfor romteknologi, inkludert romnavigasjon, framdriftssystem og kunstig intelligens.
Formannen for selskapet er den karismatiske mårhunden Rheon Ĵiang, velkjend for sin kombinasjon av smittsam teknologi-optimisme og velutvikla forretningssans. Denne kombinasjonen har leia han og Innospace gjennom ei rekke lønnsame satsingar.
Innospace er også majoritetseigar i det Kamak-baserte frakt- og gruveselskapet Cosmova, som har nytt godt av fleire av dei teknologiske satsingane til Innospace.