Skip to main content

Den sameinde Inti-administrasjonen (UIA)

Versjon 0.8, 2021-11-09

Flagget til Den sameinde Inti-administrasjonen
Flagget til Den sameinde Inti-administrasjonen.

Den sameinde Inti-administrasjonen (monda: Unueca intia administracio), ofte referert til som UIA eller berre Administrasjonen, er den interplanetære administrasjonen i Inti-systemet og ei av stormaktene i Jurakaŭe. I tillegg til Paĉa har UIA kolonisert to andre planetar i systemet: Kamak og Supaj. Av desse har Kamak fått fullt medlemskap i Administrasjonen, mens Supaj førebels er for ein administrativ utpost å rekne.

Det offisielle språket i UIA er monda. Det finst ingen de jure statsreligion, men den langt vanlegaste religionen er anterismen.

Historie

Inti-administrasjonen har røtene sine i Paĉa råd, som vart etablert i år 3397 mot slutten av Dei turbulente åra. Paĉa råd var ikkje ei planetær styresmakt, men eit over­nasjonalt koordinerings­organ som skulle promotere fred og diplomati mellom nasjonane. Mellom anna vart Romutforskingstraktaten vedteken i Paĉa råd, som leia til den internasjonale koloniseringa av Kamak.

Da Konføderasjonen av uavhengige planetar (COP) vart etablert i år 3957, frykta nasjonane på Paĉa at Konføderasjonen skulle bli ei stormakt dei sjølv ikkje kunne konkurrere med. Dei danna derfor Den einheitlege administrasjonen av Paĉa (Unueca paĉa administracio, UPA) i år 3965 og erklærte han for den planetære styresmakta på Paĉa. Frå da av fekk UPA stadig aukande ansvar for juridisk og administrativ standardisering og sentralisering, i tillegg til fredsarbeid og romfarts­politikk. Den intiske romflåta vart offisielt grunnlagd i år 3967 som etterfølgaren til Paĉa råd sine tryggings­styrkar.

Etter oppstand og opprør på Kamak og mykje politisk lobbyering på Paĉa, vart Kamak likestilt med Paĉa i år 3994. UPA vart omdøypt til Den sameinde Inti-administrasjonen (Unueca intia administracio, UIA), og Den interplanetære sentralkomiteen (ICK) vart etablert som øvste organ for styresmaktene.

Politisk system og struktur

Som likestilde medlemmar av Administrasjonen har Paĉa og Kamak kvar sine sentralkomitéar (hv. PCK og KCK) med representantar frå dei ulike nasjonane på planetane. Dei planetære sentral­komitéane peiker saman ut medlemmane av Den interplanetære sentralkomiteen, ICK.

ICK er det øvste utøvande organet i Inti-systemet og styrar utelukkande basert på konsensus. ICK peikar også ut eit upartisk stats­overhovud med tittelen ambasador. Noverande medlemmar av komiteen kan ikkje bli utpeika til ambassadør.

Ambassadøren sitt mandat er å samle og representere folket, eller alle folka, i Inti-systemet. Han har inga reell politisk makt utover å komme med innspel og forslag til Sentral­komiteen. Det er inga grense for kor lenge ein ambassadør kan ha denne stillinga, men mandatet hans må bli fornya kvar gong ein ny ICK blir peika ut. Dersom Sentral­komiteen ikkje kan komme til konsensus om å vidareføre den sittande ambassadøren, må ICK peike ut ein ny ambassadør.

Etter kvart som UIA har vakse i omfang har også det juridiske mandatet gjort det same. Administrasjonen har likevel ikkje absolutt juridisk makt over retts­subjekta sine, og lovene dikterer sjeldan saker på nasjonalt nivå. Unntaket er saker som handlar om internasjonal standardisering, inkludert visse rettar og pliktar, som ytrings­fridom, retts­sikkerheit og verne­plikt. Slike lover blir som regel føreslådde av ICK og sendt attende til dei planetære sentral­komitéane for godkjenning. Det finst derfor inga inter­planetær lovgjevande makt i UIA.

ICK har fleire støttekammer (ĉambroj), tilsvarande ministerium og departement hos nasjonale styres­makter. Desse kammera blir drifta av byråkratar og leia av politisk utpeika ministrar. Blant desse kammera er Forsvars­kammeret (Ĉadef), Justis­kammeret (Ĉajus) og Planetær­kammeret (Ĉapla).

Planetære sentralkomitéar og forsamlingar

På planetnivå blir Paĉa og Kamak styra av dei planetære sentral­komitéane, PCK og KCK. Desse komitéane består av representantar av frå dei planetære forsamlingane (planedaj asembleoj), som igjen har valde representantar frå kvar nasjon eller region. Forsamlingane fungerer som den lovgjevande makta i dei planetære styres­maktene, mens sentral­komitéane er den utøvande makta.

Nasjonale styresmakter

Ettersom UIA ikkje regulerer saker på lågare nivå enn det planetære, står nasjonane (eller dei kamakiske direktorata og guvernementa) relativt frie til å implementere deira eigne lover og tradisjonar innanfor ramme­verket fastsett av Administrasjonen og andre inter­nasjonale avtalar. Det betyr at det er eit stort spenn av kulturar og tradisjonar blant nasjonane på Paĉa, som inkluderer republikkar, monarki og i enkelte tilfelle stammesamfunn og teokrati. Desse opererer alle i praksis som suverene nasjonar på planetært nivå.

Som ein kolonisert planet manglar Kamak «naturlege» nasjonal­statar. Planeten har i staden eit meir einheitleg regjerings­system sentrert rundt KCK, med lokale myndigheiter organisert i regionar, guvernement og direktorat. Desse inndelingane er utgangspunktet for den politiske makta til KCK og har ein viss grad av sjølvstyre innanfor rammene lagt av KCK og ICK.

Økonomi

Den økonomiske politikken i UIA består av fleire nivå: interplanetært, planetært og lokalt. På interplanetært nivå står ICK for føring og kontroll med økonomien på same måte som all annan politikk av inter­planetær relevans. Som følge av at intisk romfart hadde utgangspunkt i statlege romfarts­program og internasjonalt samarbeid har intisk økonomi i fleire århundre føretrekt statleg styring og eige over fullstendig frie marknadar. Den politiske kontrollen over statlege selskap er betydeleg, men Administrasjonen fører ingen overordna planøkonomi.

Under ICK er det PCK og KCK, med visse føringar frå ICK, som styrar dei planetære økonomiane i saker som ikkje blir sett på som inter­planetære. Mens KCK i stor grad styrar planeten sentralt og berre overlèt detaljane til direktorata, legg PCK den planetære politikken i grovt og lèt nasjonane styre meir sjølv.

Den intiske valutaen speglar den stratifiserte strukturen i UIA og er derfor også organisert i fleire «nivå». Felles for heile Administrasjonen er den inter«planetære valutaen universala moner (U.M.). Denne valutaen blir bruka i interplanetær handel og for lønning av dei som er direkte tilsette i Administrasjonen, inkludert dei væpna styrkane. Vidare har kvar planet sin eigen valuta, paĉa moner (P.M.) og kamaka moner (K.M.), for å kunne handtere økonomien uavhengig av kvarandre. Kamaka moner er den einaste valutaen i offisiell bruk på Kamak, men på Paĉa kjem i tillegg ei rekke eldre, nasjonale valutaar for dei nasjonane som har vald å halde på sin eigen valuta. I desse tilfella blir paĉa moner ofte bruka som referanse for internasjonal handel eller penge­overføringar.

Militærmakt

Militæret til Inti-administrasjonen er delt inn i Den intiske romflåta, Dei intiske planetære felles­styrkane og Den intiske nettverks­kommandoen. Den militære etterretnings­tenesta Miseris høyrer også under Forsvarskammeret.

Romflåta er ansvarleg for operasjonar i verdsrommet, alle romstasjonar og relaterte bakke­stasjonar og basar. Dei planetære felles­styrkane har på si side ansvar for alle overflate­operasjonar, enten det er på bakken, til sjøs eller i det atmosfæriske luftrommet. Ettersom Felles­styrkane ikkje har eigne romskip, er dei avhengige av ein kombinasjon av stasjonære garnisonar og støtte frå Romflåta for transport. På den andre sida er Romflåta avhengig av Felles­styrkane for å gjennomføre fullskala planetære åtak eller okkupasjonar.

Religion

Som ein overnasjonal struktur for alle statane på Paĉa er UIA i seg sjølv sekulært. Religion og administrasjon er skilde frå kvarandre, og alle større religionar er anerkjende. Kvar nasjonalstat i UIA kan sjølv definere sin religiøse status og regulere religiøse samfunn i samsvar med lokale vanar og tradisjonar. Eit minimum av standardisering er likevel vedteke gjennom UIA for å sikre individuelle rettigheiter og lette internasjonal samhandling.

Fleire ritual, som giftarmål, kan gjennomførast hos sekulære UIA-administratorar eller gjennom anerkjende nasjonale religiøse samfunn.

Fleirtalet av Inti-borgarane er ikkje praktiserande religiøse, men nominelt er anterismen den mest utbreidte religionen. Mange ser også på anterismen som ein de facto stats­religion – eller i det aller minste som den dominerande kultur­arven. Mange verdiar og haldningar frå anterismen er derfor bygd inn i fleire av lovene og maskineriet i UIA. Andre store intiske religionar er sardommen og rikba.