Skip to main content

Koubutsu Kombinéiert

Versjon 0.1, 2020-08-16

Koubutsu Kombinéiert (òg kjent som berre Koubutsu) er det største huitakiske romgruve­selskapet. Med hovudkvarter på Huitaka er korporasjonen den største zuhanske gruve­operatøren i Utu-systemet. Den nest største zuhanske aktøren er det avittiske Handelskompaniet for nye stjerner.

Som dei andre gruve­selskapa i Utu-systemet fungerer også Koubutsu Kombinéiert som ein sjølvstendig kvasi-stat. Korporasjonen har si eiga flåte med romskip, inkludert fleire militariserte skip for sikrings­oppdrag, og brukar ei blanding av under­kontraktørar og direkte tilsett personell i verksemda si.

Gruvestasjonar og operasjonar

Koubutsu Kombinéiert har fleire romstasjonar i Utu-systemet. Desse inkluderer reine logistikk­basar for inter­stellar transport, så vel som fleirbruks­stasjonar der både gruve­arbeidarar og administratorar kan bu og arbeide.

Størsteparten av gruvedrifta finn stad på Inana, skjønt utforsking og gruve­operasjonar føregår også andre stadar i systemet. Dette har tidvis leia til friksjon med dei ulike UIA-operasjonane under Den ekstrasolare ekspedisjonen. Slike mindre sentrale operasjonar blir derfor rekna som litt meir risikable enn den faste gruve­drifta på Inana. For å bøte på dette har Koubutsu væpna og fortifisert enkelte av dei ytre gruvene og installasjonane.

Politikk og organisasjon

Sjølv om hovudkvarteret til føretaket ligg på Huitaka er hovud­basen for sjølve gruve­drifta lokalisert på Inana. Dette er også tilhalds­staden for general­guvernøren av Utu, selskapet sin øvste representant og autoritet i Utu-systemet. Trass i tittelen har general­guvernøren av Utu ikkje jurisdiksjon over heile systemet, men over alle Koubutsu, og derfor også Det planetære demokratiet Huitaka, sine aktivitetar i systemet. Generalguvernøren står berre til ansvar overfor konsern­sjefen i Koubutsu Kombinéiert.

Ettersom Huitaka og Det avittiske riket er jamstilte under Konføderasjonen av uavhengige planetar hevdar general­guvernøren heller ikkje suverenitet over avittiske føretak i systemet. Koubutsu handlar derimot i samråd med den avittiske høg­kommissæren for Handelskompaniet for nye stjerner.

Det planetære demokratiet Huitaka fører ingen formell kontroll med Koubutsu Kombinéiert. Sia selskapet er eit registrert føretak på planeten har det derimot ein plass i det huitakiske Forvaltings­rådet, og er dermed teknisk sett sjølv ein del av den planetære styres­makta. Likevel, ettersom alle større huitakiske føretak er med i Forvaltings­rådet og sia Forvaltings­rådet ikkje har innført eigne direktiv eller direkte kontrollert aktiviteten til Koubutsu, blir det rekna som utanfor formell stats­styring.

Kvar stasjon som opererer under Koubutsu Kombinéiert er leia av ein guvernør, som fungerer som øvste sjef for stasjonen og alle underlagde oppdrag.

Tryggleik

Koubutsu Kombinéiert har fleire under­kontraktørar som sikrar trygg­leiken til selskapet og operasjonane. Eit allment ordens­politi blir drifta av Kurouba Sécherheet.

Forhold til Utu-innbyggarar

Koubutsu Kombinéiert hyrar regelmessig lokale innbyggarar i Utu-systemet som billeg arbeids­kraft, sia livs­kvaliteten og dei økonomiske forholda i Utu-systemet generelt er langt lågare enn i Zuhe-systemet. Ulike lønningar og moglegheiter mellom utuanarar og zuhanarar har skapt eit merkbart skille mellom dei to gruppene. Utuanarar fyller i hovud­sak stillingar med manuelt arbeid og gruve­drift, og når sjeldan opp til administrative posisjonar i selskapet.