Skip to main content

Handelskompaniet for nye stjerner

Versjon 0.1, 2020-08-18

  • TODO: namn på invetanze.

Handelskompaniet for nye stjerner er eit Boĉika-basert avittisk gruve- og frakt­selskap som spesialiserer seg på å utnytte ressursar i Utu-systemet, og er den nest største zuhanske aktøren i systemet. Kompaniet opererer ei flåte med inter­stellare frakt­skip og fleire gruve­stasjonar innanfor den zuhanske sfæren i Utu-systemet.

Handelskompaniet kontrollerer heile forsynings­linja for gruvene det driftar. I Utu-systemet tyder det at kompaniet opererer som ein eigen kvasi-stat, med administratorar som gjer bruk av eigne og innhyrde tryggings­styrkar for å sikre og kontrollere arbeidarane og drifta i systemet. Kontrollen over dei viktige ressursane gjev også Handels­komponiet vesentleg økonomisk og politisk innverknad på Boĉika, der selskapet er ein sentral privat aktør.

Gruvestasjonar og operasjonar

Handelskompaniet for nye stjerner har hovudkvarter på Boĉika, men meste­parten av gruve­drifta blir leia frå Inana, der også huitakiske Koubutsu Kombinéiert har sitt hovud­sete for Utu-systemet. Som sin huitakiske motpart har Handels­kompaniet fleire stasjonar og gruve­verksemd rundt om i Utu-systemet. Kompaniet handterer også logistikk og transport mellom Zuhe og Utu, i tillegg til dei naudsynte tryggings­tiltaka for dei ulike operasjonane.

Politikk og organisasjon

Handelskompaniet for nye stjerner er ikkje teknisk sett stats­eigd, men sentrale makt­aktørar er aldri langt unna selskapet. Kompaniet er leia av ein general­direktør vald av eit representant­styre, som igjen består av fleire velkjende personar i boĉikisk finans og politikk. Verksemda i Utu-systemet blir styrt av ein fast utplassert høgkommissær, direkte utnemnd av general­direktøren for å fungere i hans stad og i samsvar med general­direktøren sine føringar. Høg­kommissæren har også fullmakt til å handtere koordinering og konflikt­førebygging med Koubutsu Kombinéiert og, viss absolutt naudsynt, med Den ekstra­solare ekspedisjonen.

Alle større greiner i Handels­kompaniet er leia av kommissærar, og under dei blir stasjonar og større operasjonar som regel oversett av direktørar.

Tryggleik

Tryggleikstiltak for Handelskompaniet blir rekna som eit indre forhold og handtert av Avdeling for sikring. Avdeling for sikring fungerer som eit gendarmeri og er ansvarleg for både handhevinga av interne lover og reglar, sikring av infrastruktur og eskorte- og tryggings­oppdrag. Største­parten av personellet i avdelinga er rekruttert frå Det avittiske romvåpenet og dei øvrige våpen­greinene av Dei avittiske væpna styrkane.

Forhold til Utu-innbyggarar

Som dei andre gruve­selskapa i systemet, plukkar Handels­kompaniet for nye stjerner ofte opp lokale arbeidarar frå Utu som billeg og praktisk arbeids­kraft. Kompaniet har eit liknande skille mellom utuanarar og zuhanarar som Koubutsu. I motsetnad til i Koubutsu handlar det derimot mindre om genetikk og kybernetiske modifiseringar og meir om art og økonomi, og avidane nyt klart godt av systematiske fortrinn i selskapet.