Skip to main content

d'Société vu fräie Wëssenschaftler

Versjon 0.3, 2021-09-22

Forbundet for frie vitskapsfolk, eller d'Société vu fräie Wëssenschaftler (SofW) på luksk, er eit internasjonalt forbund som promoterer radikal og uortodoks tenking innanfor felt som vitskap, filosofi, politikk og religion. Forbundet vart grunnlagt på Paĉa men har erklært seg for ein universell organisasjon med lokale avdelingar på alle bebudde verder. Forbundet har uanstrengde finansar, takka vere fleire høgprofilerte medlemmar, enten fordi dei er berømte eller berykta.

Historie

Forbundet for frie vitskapsfolk vart grunnlagt allereie i år 3483 av ei lokal gruppe med uavhengige vitskapsfolk og filosofar i Ŝenzan. Målet for den nye organisasjonen var å fostre nytenking utan omsyn til konvensjonane og gruppetenkinga som rådde i dei tradisjonelle foraa.

Etter kvart som gruppa fekk fleire medlemmar og utvida diskusjonane og debattane sine, byrja radikale syn på både vitskap og filosofi å forme fleire strøymingar innanfor politisk teori, økonomi og religiøse fortolkingar. Dette gjorde Forbundet enno meir populært blant dei som meinte seg usamde i etablerte teoriar og sanningar.

Politisk innverknad

Medlemmane i Forbundet er typisk tilhengarar av rasjonalisme og radikal modernisme og tilsvarande motstandarar av alle slags tradisjonar og sentimentalitet. Dei føreslår i staden å utnytte vitskapelege framsteg til det ytste, og lobbyerer aktivt for å avskaffe fleire av dei etablerte restriksjonane på moderne teknologi, som kunstig intelligens og gen­modifisering. Mange medlemmar har også teke til orde for ein sterk individualisme og meiner at berre med utbreidd kritisk tenking og sterke og sjølv­stendige individ kan samfunnet verkeleg bli fritt frå tyranni.

Som ein entitet er Forbundet i dag politisk nærmast Konføderasjonen av uavhengige planetar, og særleg Det planetære demokratiet Huitaka. Forbundet er imidlertid langt eldre enn koloniseringa av Zuhe-systemet og ser ikkje på Konføderasjonen som eit perfekt samfunn. Dei meiner likevel at Konføderasjonen er eit gunstigare miljø for vidare framsteg og reform enn andre noverande samfunn. Den intiske delen av Forbundet argumenterer derfor for eit nærmare forhold til Konføderasjonen og ei deregulering av fleire fagfelt i Administrasjonen.

Økonomi

Forbundet sitt fokus på individuelt ansvar og rasjonelt framsteg har tiltrekt seg merksemd og støtte frå mange prominente selskap og korporasjonar, særleg i Inti-systemet, som er langt meir regulert enn Zuhe-systemet. Sjølv om mange av desse kapitalistane ikkje sjølv blir rekna som fritenkarar, støttar og promoterer dei gjerne arbeidet til Forbundet, i håp om at bodskapet deira skal få større innverknad i politiske krinsar.

Religiøs innverknad

Forbundet for frie vitskapsfolk famnar langt vidare enn dei tradisjonelle natur­vitskapane, og diskuterer både filosofi og religion. Forbundet er ikkje i seg sjølv religiøst, og den radikale modernismen som går att blant medlemma har stort sett gjeve to utslag: enten er medlemmane vitskapelege ateistar, eller så følger dei ei svært alternativ tolking av ein tradisjonell religion.

I den siste kategorien er det fleire som har funne seg til rette i den relativt unge rikbanske sekta Fellesskapet Nye horisontar, som står for ei moderne nytolking av rikbansk teologi og fokus på individuelle bidrag for felles framsteg. Mange meiner at Forbundet har bidradd til å gjere Fellesskapet meir anerkjent og dermed også meir populært, men det er ingen offisielle band mellom Forbundet og Fellesskapet Nye horisontar.