Skip to main content

Mejlotoruta

Mejlotoruta («Dei nye fabrikkane») er det største boĉikiske teknologiselskapet og leverer alt frå mikro­prosessorar og elektro­motorar til robotar og satellittar. Som Astroza er også Mejlotoruta halvvegs statseigd. I motsetnad til selskap som Fadiki og Primatech/Primavera har Mejlotoruta fokusert på maskin­vare framfor å utvikle bane­brytande kunstig intelligens, og sjølv om selskapet har eigen programvare for systema sine er det ingen stor leverandør av avanserte KI-system. Til gjengjeld blir produkta til Mejlotoruta rekna for å vere svært robuste.

På den avittiske forbrukarmarknaden er Mejlotoruta den største produsenten av såkalla styrings­einingar, som er den mest populære typen personleg assistent i Det avittiske riket. Desse er små og lette fysiske einingar ein kan bruke til å aksessere det meste av nettverk og system, som regel med ein form for innebygd KI-assistent. Ettersom Mejlotoruta sine KI-assistentar ikkje er like avanserte som enkelte andre, lagar også Primatech virtuelle KI-assistentar som er kompatible med nokre av Mejlotoruta sine modellar.

Robotar og antroidar​

Mejlotoruta produserer robotar til både industriell og kommersiell bruk, inkludert enkelte antroidemodellar. Det avittiske samfunnet har derimot ikkje vore særleg interessert i realistiske antroidar, og dei aller fleste robotane til Mejlotoruta er derfor meir funksjonelle og unngår å etterlikne naturen berre for syns skyld.