Det avittiske romvåpenet
Versjon 0.1, 2020-01-25
Det avittiske romvåpenet er romvåpenet til Det avittiske riket. Det har hovudbasen sin på Boĉika.
Som følge av det tette samarbeidet mellom dei boĉikiske styresmaktene og den private marknaden er Romvåpenet statseigd og -kontrollert, men med utstrekt bruk av private leverandørar og kontraktørar. Sia det Paĉa-baserte avittiske luftvåpenet var ansvarleg for koloniseringa av Boĉika, har Romvåpenet i stor grad utvikla seg frå Luftvåpenet sine tradisjonar og organisasjon.
Det avittiske romvåpenet har ingen eigne bakkestyrkar, og er derfor avhengig av ekspedisjonskorpsa til Hæren, Luftvåpenet og Marinen for planetære operasjonar. For meir informasjon, sjå artikkelen om Dei avittiske væpna styrkane.
Struktur
- TODO: sett inn organisasjonskart her.
Det avittiske romvåpenet er organisert med ein sentralkommando som koordinerer dei to andre hovudkommandoane: Den operasjonelle kommandoen og Støttekommandoen. Operasjonskommandoen har ansvaret for all operativ verksemd, inkludert lågbaneoperasjonar, romflåter og logistikkflåter. Støttekommandoen har på si side ansvaret for alle måneoperasjonar, romstasjonar og bakkestasjonar.
Gradar
Dei avittiske gradane er delt inn i fem nivå, forutan kadettar. Som i den huitakiske flåta er det fem gradar kvar for soldatar og sersjantar. Deretter følger fire gradar kvar for løytnantar og offiserar. Dei tre høgaste gradane utgjer generalitetet.
Gradsnr. | Fork. | Namn | Norsk | Engelsk | NATO tilsv. |
---|---|---|---|---|---|
C5 | SZ | Serzan | Rekrutt | Recruit | OR-1 |
C4 | CG | Cigan | Soldat | Soldier | OR-2 |
C3 | CG1 | Cigan zetu ko grevo | Soldat 1. grad | Soldier 1st grade | OR-2+ |
C2 | CG2 | Cigan kiru ko grevo | Soldat 1. grad | Soldier 2nd grade | OR-3 |
C1 | CV | Cigan ko vuterze | Leiande soldat | Leading soldier | OR-4 |
L5 | LA | Lemetan ko auterze | Hjelpesersjant | Helping sergeant | OR-5 |
L4 | LM | Lemetan | Sersjant | Sergeant | OR-6 |
L3 | LM1 | Lemetan zetu ko grevo | Sersjant 1. grad | Sergeant 1st grade | OR-7 |
L2 | LM2 | Lemetan kiru ko grevo | Sersjant 2. grad | Sergeant 2nd grade | OR-8 |
L1 | LT | Lemetan ko tanvitze | Sjefssersjant | Chief sengeant | OR-9 |
T12 | TK | Tulezan ko kaserze | Kadett | Student officer | OF-D |
T11 | OZ | Otzeluzervit | Løytnant | Lieutenant | OF-1 |
T10 | OZ1 | Otzeluzervit zetu ko grevo | Løytnant 1. grad | Lieutenant 1st grade | OF-1+ |
T9 | OZ2 | Otzeluzervit kiru ko grevo | Løytnant 2. grad | Lieutenant 2nd grade | OF-2 |
T8 | OT | Otzeluzervit ko tanvitze | Sjefsløytnant | Chief lieutenant | OF-3 |
T7 | TZ | Tulezan | Offiser | Officer | OF-4 |
T6 | TZ1 | Tulezan zetu ko grevo | Offiser 1. grad | Officer 1st grade | OF-5 |
T5 | TM | Tulezan ko lemeterze | Kommanderande offiser | Commanding officer | OF-6 |
T4 | TT | Tulezan ko tanvitze | Sjefsoffiser | Chief officer | OF-7 |
T3 | VS | Vetrelu ko servitze | Visegeneral | Vice general | OF-8 |
T2 | VR | Vetrelu | General | General | OF-9 |
T1 | VT | Vetrelu ko tanvitze | Generaloberst | Chief general | OF-10 |
Uniformar
Romvåpenet har fem uniformsnivå:
- Kampuniform og flydrakt
- Bakkeuniform
- Kvardagsleg tenesteuniform
- Tenesteuniform 1 og 2
- Messeuniform
Spesialiseringar
I staden for korps eller bransje brukar Det avittiske romvåpenet eigne spesialiseringsmerke for å skilje mellom ulike typar personell. Dei mest prestisjefylte spesialiseringane har vengeforma merke, ein tydeleg del av arva frå Luftvåpenet. Andre spesialiseringar har merke i ulike variantar, og nokre få manglar også eigne merke.
Spesialiseringar i Romvåpenet inkluderer pilotering, navigasjon, samband og romdykking.