Teknologi
Versjon 0.11, 2021-10-10
Teknologien i Jurakaŭe er langt framskriden, og romfart er i dag kommersielt tilgjengeleg i veletablerte former. Interplanetær kommunikasjon er stort sett uproblematisk, men mellom stjernesystema er det framleis visse avgrensingar. Kunstig intelligens er tungt regulert og ingen kjend generell intelligens er enno utvikla, trass mykje forsking på området. Såkalla ekspertsystem er derimot svært velutvikla og utbreidde. Genteknologi og kybernetisk tilpassing av livsformer er på si side ulikt regulert mellom dei tre stjernesystema.
Romfart
Overlystransport er enno ikkje oppfunnen, og denne teoretiske teknologien blir rekna for å vere den første «atombombe-ekvivalenten» i romæraen. All utvikling innanfor dette området er derfor høgt gradert og tett overvaka av alle dei politiske entitenane for å sikre at ingen andre skaffar seg den revolusjonerande teknologien først. Sia overlystransport har ei rekke sivile bruksområde og ikkje blir rekna som eit våpen i seg sjølv, er det likevel ingen interstellare konvensjonar eller reguleringar av slik teknologi.
I mangel av overlystransport er reising mellom stjernesystema både treigt og dyrt. Dei høgaste normale hastigheitene når opp mot 0,7 c, men dette krev omfattande infastruktur i form av katapultar, romslynger eller særs høgteknologiske stjerneterminalar.
Romkatapultar er eit relativt enkelt utskytingssystem, som regel plassert i ei eiga bane rundt ei stjerne eller i svært høg bane rundt ein planet. Katapultane brukar kontrollerte kjerneeksplosjonar til å sende eit romfartøy av garde med høgare akselerasjon enn fartøyet sjølv kan oppnå. Den høge akselerasjonen kan vere problematisk for levande passasjerar, og katapultar gjekk derfor raskt av moten når romslyngene vart meir pålitelege.
Romslynger er eit noko meir avansert system og består av store konstruksjonar som utnyttar akselerasjonen i gravitasjonsfelt i stjernesystemet for å sende romskip inn i ein nøye planlagt slyngemanøver. Desse akselererer over lenger tid enn romkatapultane og oppnår ofte høgare marsjhastigheiter, men dei er vanskelegare å bygge og vedlikehalde.
Interstellare høghastigheitsterminalar har blitt eksperimentert med av fleire aktørar, men eit funksjonelt par vart først etablert mellom Inti- og Zuhe-systema i år 4091. Desse terminalane har ei teoretisk makshastigheit på 0,8 c, men ingen har enno klart å utnytte potensialet til det fulle. Som eit resultat av dette er reisetidene mellom Inti- og Zuhe-systema mellom fem og sju år (sett frå stjernesystema – for passasjerane vil det opplevast som tre og eit halvt til seks år). Trafikken mellom systema er derfor framleis sterkt avgrensa, og særleg reiser for «kortare opphald» er sjeldne. Ettersom terminalane fungerer som interstellare grensekryssingar med avgrensa kapasitet er all trafikk gjennom dei tungt regulert.
Skipstrafikk mellom stjernene utanfor terminalane er mogleg men veldig treigt og dyrt. For avstandar større enn dei interplanetære er det stort sett berre interstellare fraktskip som eingong vurderer å reise på denne måten. Dei største militære stjerneskipa er også i stand til å gjere slike reiser, men det er ikkje kjend at denne kapabiliteten er brukt i praksis. Alle koloniseringsprosjekt har blitt gjennomført med ein kombinasjon av katapultar, romslynger og tradisjonell framdrift, sia stjerneterminalane krev ein terminal i kvar ende for å fungere. Dette er også ein grunn til at all kolonisering så langt har vore avgrensa til to nye stjernesystem og korfor ingen er interesserte i å utvide koloniane sine til nye system.
Kommunikasjon
Overlyskommunikasjon er oppnådd med bruk av kvanteteknologi som knyt saman to spesialiserte einingar i det dei blir produserte. På grunn av den dyre produksjonen og behovet for å transportere kvanteterminalane fysisk til sluttbrukarane er denne kommunikasjonsmetoden likevel noko avgrensa. I tillegg må kvantekommunikatorane vere tilstrekkeleg synkrone, som betyr at dei må operere i tilnærma like referansesystem. Kommunikatorane kan derfor ikkje nyttast dersom den relative hastigheita mellom dei to er for høg. Den eksakte grensa er ikkje kjend, men eksperiment har vist at kommunikatorar som regel sluttar å fungere rundt 0,05 til 0,085 c. Ingen eksperiment har klart å framprovosere kommunikasjon tilbake i tid.
Dei største brukarane av kvantebasert kommunikasjon er statlege aktørar og militære styrkar, som brukar teknologien i enkelte større romskip, romstasjonar og interplanetære kommunikasjonslenker. For romskip er bruken avhengig av at skipet har låg nok hastigheit samanlikna med reléet det er kopla til. Nokre høgkapasitets kvanteruterar er også sett opp som ein del av større kommunikasjonsnettverk mellom fleire planetar og til og med stjernesystem. Interplanetær kommunikasjon innanfor Inti- og Zuhe-systema er i dag tilgjengeleg for privat og kommersiell bruk, men tilgang til kommunikasjon mellom stjernesystema er avgrensa og trafikken blir rutinemessig overvaka.
Sjølv utan kvanteteknologi er interplanetær kommunikasjon relativt trivielt på grunn av mengda kommunikasjonssatellittar og romstasjonar. Både radiobølger og laserbaserte system er vanlege, og enkelte meir sensitive system brukar modulerte neutrinobølger for å unngå interferens. Neutrinolenkene er dei mest pålitelege av underlys-lenkene, men kompleksiteten og kapasitetsutfordringar har halde dei tilbake frå universell bruk.
På interstellar skala er konvensjonell kommunikasjon avgrensa som følge av dei store avstandane mellom stjernesystema. Enkelte avanserte konvensjonelle system er likevel etablerte for bruk i vitskapsprosjekt og for koordinering på lang sikt mellom både private og statlege aktørar i dei ulike stjernesystema. Sia konvensjonell kommunikasjon framleis er raskare enn fysisk reising mellom systema, blir det blant anna bruka til forhandsvarsling av deklarert skipstrafikk.
Kunstig intelligens
Som eit resultat av mangeårig debatt om etikk og potensielle risikoar er kunstig intelligens (KI) blitt tungt regulert gjennom ulike lovar og traktatar. Dei nøyaktige reguleringane varierer på tvers av stjernesystema, men ein interstellar traktat mellom UIA og COP har etablert fleire felles reglar for både sivil og militær bruk av kunstig intelligens. Denne traktaten hadde som mål å unngå uønskt eskalering mellom dei to stormaktene.
Allereie før koloniseringa av Kamak la internasjonale konvensjonar ei rekke føringar og grenser for kunstig intelligens for å unngå utviklinga av sjølvmedvetne system og dei talrike dilemmaa som ville følge med slike system. Dette regimet vart adoptert av UPA og deretter arva av UIA.
Som med så mange andre ting i Zuhe-systemet, og særleg på Huitaka, er KI mindre regulert og forskinga meir aggressiv der. Leiande huitakisk KI flyttar derfor stadig grensene og utfordrar etablerte syn på kor uavhengig og nevrologisk avansert KI kan vere utan å oppnå ei faktisk sjølvkjensle.
KI-robotar og assistentar
Denne delen er ikkje (enno) implementert for bruk i rollespel, for å unngå å komplisere spelmekanismane og halde spelet nærmare det ordinære regelsettet. Utstrekt bruk av KI-assistentar vil risikere å påverke balansen i spelet og vil krevje tilpassa bruk av enkelte kompanjongreglar for assistentane.
Robotar og personlege assistentar med ei form for KI er tilgjengelege i heile Jurakaŭe. Ingen av desse er sjølvmedvetne, men dei brukar kunstig intelligens til å analysere og svare på ulike førespurnadar frå brukarane sine. Mange vil gjerne ha ei form for grunnleggande personlegheit for å gje samhandlinga eit personleg preg samtidig som dei held seg innanfor dei juridiske rammene av KI-reguleringane.
KI-robotar som er designa for å etterlikne intelligente vesen blir kalla antroidar. Desse er underlagt ulike politiske reguleringar utover den interstellare KI-traktaten: i Inti-systemet er det eit krav at antroidar skal vere lett gjenkjennelege, som regel visuelt, mens det i Det planetære demokratiet Huitaka berre er eit forbod mot antroidar som etterliknar ekte personar. I Det avittiske riket har det aldri utvikla seg nokon tradisjon for realistiske antroidar, og sjølv om dei ikkje er ulovlege blir dei som regel sett på enten som uinteressante eller svært tvilsame.
Personlege assistentar er spesielt vanlege i Inti-systemet, der dei ofte har design inspirert av ville dyr. Desse assistentane blir gjerne rekna som personlege følgesveinar, og for mange fyller dei derfor også ei rolle som kjæledyr i tillegg til eit verktøy og eit grensesnitt opp mot moderne teknologi. Dette synet er mindre vanleg i Zuhe-systemet, der personlege assistentar som regel har meir funksjonelle design. På Huitaka har kybernetiske implantat i stor grad teke over for tradisjonelle assistentar, mens dei meir konservative avidane framleis føretrekk einingar dei kan bere med eller på seg.
Dei fremste leverandørane av KI-assistentar til privat bruk er Fadiki i Inti-systemet og Primatech i Zuhe-systemet. Ettersom avidane i stor grad føretrekk fysiske styringseiningar er Mejlotoruta den største leverandøren av personlege løysingar i Det avittiske riket, men for dei som ønsker seg meir avanserte KI-system leverer Primatech også kunstig intelligens som fungerer med enkelte av Mejlotoruta sine einingar.
KI-kontrollerte skip
Ifølge KI-reguleringane har ingen KI-system lov til å styre eit heilt romskip aleine. Alle skip, frå ferjer til stjernekryssarar, må ha ein levande kaptein som kan gje kommandoar og ha nominell kontroll og ansvar for skipet. Eikvar utvikling i retning av heilt autonome skip, og særleg i større skala, ville representert ei alvorleg eskalering av militær teknologi og risikere eit destabiliserande våpenkappløp. På grunn av dette blir «det perfekte KI-systemet» eller «det sjølvstendige romskipet» sett på av mange som den andre «atombombe-ekvivalenten» i romæraen, etter overlysreise. Autonome KI-kontrollerte skip ville ha redusert behovet for vedlikehald drastisk. Slike skip ville kunne operere praktisk talt utan omsyn til oppdragslengde eller krav til livsstøttesystem. Ettersom KI-system er erstattelege, ville slike skip også vere meir unnværlege, som igjen ville ha senka terskelen for å bruke dei i høgrisikosituasjonar eller til og med sjølvmordsoperasjonar.
Vitskapelege sondar og liknande oppdrag har vore eit historisk unntak til forbodet mot heilt autonome fartøy. Desse har tradisjonelt operert enten i det djupe rommet eller på fjerne og ubebudde planetar, og har dratt stor nytte av evna deira til å gjennomføre oppdrag med minimal styring og inngripen. Sia både Inti- og Zuhe-systemet no er rekna som bebudde og dessutan er innanfor rekkevidde for bemanna operasjonar gjeld dette unntaket no berre visse typar industrielt utstyr og vitskapelege sondar som opererer utanfor dei bebudde stjernesystema.
Ettersom Utu-systemet ikkje de jure er kontrollert av nokon, gjeld teknisk sett heller ingen reglar der. Dei fleste korporasjonane og andre aktørane i systemet har derimot band til enten UIA eller COP, og dei fleste verkar derfor å følge tilsvarande regelverk. Mindre autonome fartøy er likevel i bruk for gruvedrift eller skytteltrafikk, og nokre gongar til og med antipirat-verksemd. Alliansen av frie himmellekemar (ALA) har ingen etablerte syn på kunstig intelligens, men mange av medlemmane er skeptiske og fryktar å bli erstatta og automatiserte bort av «for smarte» KI-system.
Genetisk og kybernetisk modifisering
Politikken rundt genmodifisering og kybernetisk modifisering av livsformer var ulik blant nasjonane på Paĉa. I eit forsøk på å redusere spenningane mellom nasjonane valde UPA å regulere desse sakene på eit internasjonalt nivå, til høglydte protestar frå enkelte interessegrupper. UPA forbaud all genmodifisering forutan for medisinske årsaker, mens avansert kybernetikk vart reservert for medisinsk og militær bruk. Kvardagslege kybernetiske implantat er framleis kommersielt tilgjengelege i UIA, men dei er som regel underlegne huitakiske implantat.
Konføderasjonen av uavhengige planetar (COP) har på si side langt friare kybernetikk-reguleringar, og konføderal teknologi blir ofte rekna som banebrytande og leiande innanfor dette feltet. Den mest avanserte teknologien er likevel ekstremt dyr og dermed ikkje tilgjengeleg for folk flest. Dei ulike medlemmane av Konføderasjonen har også ulike tilnærmingar til teknologien: Det avittiske riket reserverer hovudsakleg kybernetikk for militær bruk, mens Det planetære demokratiet Huitaka søker å utnytte alle moglegheitene teknologien bring med seg. Kostnadane og risikoane knytt til dei mest avanserte nyvinningane avgrensar likevel bruken noko.
Det er verdt å merke seg at som følge av dei ulike reguleringane rundt modifisering av livsformer og tilgjengelegheita av denne teknologien, særleg på Huitaka, har leia til ulike forhold og tilnærmingar til teknologien. Huitakiske borgarar føretrekk gjerne implantat og kybernetiske modifikasjonar framføre robot-assistentar og følgesveinar, som dei ser på som mindre elegante og sofistikerte. Det avittiske samfunnet er derimot meir konservativt og har ikkje adoptert kyberntetiske tilpassingar i like stor grad som huitakarane.
Avidane ser også på genmodifisering som noko grunnleggande unaturleg, og det blir berre bruka i tilfelle med tungtvegande medisinske omsyn. Noko statssponsa forsking har vore gjennomført, men teknologien er ikkje bruka offentleg. Det planetære demokratiet Huitaka har derimot hatt stor suksess med kommersiell genmodifisering. Kombinasjonen av etiske problem og dyre metodar har likevel ført til at teknologien først og fremst er bruka av dei store gruvefirmaa i Utu-systemet og andre særs rike aktørar. Dei sistnemnde nyt derfor godt av store framsteg i helse og livskvalitet og langt høgare forventa levealder enn vanlege folk. På denne måten har det dei siste par århundra vakse fram ein genetisk elite på toppen av den kapitalistiske eliten.
Som med KI-regulering har Utu-systemet heller inga formell regulering av genmodifisering, kybernetikk eller annan bioteknologi. Fleire korporasjonar har utnytta denne mangelen på jurisdiksjon til å maksimere profitten sin med hjelp frå slik teknologi. Dette har ført til eit visst klasseskille i Utu-systemet mellom «naturlege» og modifiserte arbeidarar. Heller enn den kapitalistiske eliten er det dermed dei korporasjonstilknytte arbeidarane som nyt godt av teknologien, mens andre i stor grad står utan desse fordelane. Mange nybyggarar og ALA-medlemmar er også politisk og religiøst konservative og derfor mindre tilbøyelege til å søke denne typen teknologi.