Skip to main content

Det avittiske riket

Versjon 0.4, 2021-11-09

Flagget til Det avittiske riket
Flagget til Det avittiske riket.

Det avittiske riket omfattar dei avittiske styres­maktene og alt territoriet dei kontrollerer, frå Det avittiske konge­riketPaĉa til hovudsetet på Boĉika og kolonien Nenkatakoa. I dagleg bruk refererer namnet også til den planetære styres­makta på Boĉika. Riket er eit konstitusjonelt og demokratisk monarki, og den noverande kongen er kong Mecezne Urato III.

Som ein medlem av Konføderasjonen av uavhengige planetar (COP) kan Det avittiske riket ikkje utøve fullstendig uavhengig utanriks- og rom­politikk. Riket har likevel praktisk talt alle rettar og fridomar på eit planetært nivå.

Historie

Det avittiske riket hadde sitt utspring i Det avittiske kongeriket på Paĉa. Da avidane koloniserte Boĉika og flytte hovudstaden til Etzeruta i 3952 JP vart Det avittiske riket ei planetær styresmakt i Zuhe-systemet. Den avittiske kongen vart dermed den einaste monarken som kunne gjere hevd på å regjere over ein heil planet, for ikkje å nemne eit inter­planetært rike. Det gjorde derimot at den juridiske statusen til det paĉiske territoriet vart uavklart mellom Det avittiske riket og dei intiske styresmaktene (seinare UIA).

Den sameinde Inti-administrasjonen anerkjenner ikkje at dei avittiske territoria på Paĉa skal inngå i Det avittiske riket (og dermed også i Konføderasjonen av uavhengige planetar). Konføderasjonen har unngått å legge press på denne saka for å unngå represaliar mot den paĉiske befolkninga og ytterlegare isolasjon frå resten av Riket.

Sjølve koloniseringa av Boĉika vart gjennomført som eit felles privat-statleg samarbeid, med ansvaret fordelt mellom avidane og private selskap. Den avittiske staten har derfor behalde all suverenitet, men den sterke industrien er framleis sentral i det avittiske samfunnet.

Politisk system

Det avittiske riket er eit konstitusjonelt og demokratisk monarki. Tronen har agnatisk arve­følge, og kongen er stats­overhovud. For å balansere makta hans, etablerer den avittiske grunnlova eit parlament med valde representantar som lovgjevande makt.

Det avittiske parlamentet er eit tokammer­system, med bakgrunn i lange tradisjonar med adel og over­klasse. Sjølv om adelen formelt vart avskaffa lenge før avidane kom til Boĉika, har den gamle sosiale strukturen på ny blitt forsterka av ein fram­tredande over­klasse av industri­herrar og rom­mogular. Mange av desse har bygd sine eigne innverknads­rike familie­imperium, og utgjer på mange måtar ein moderne adelsstand som no dominerer det øvre kammeret i parlamentet.

Sjølv om Riket er eit folkeleg demokrati er det tette band mellom private selskap og offentleg politikk. Kommersiell sponsing og adoptering av politiske kandidatar til begge kammera i parlamentet er ein sentral del av den politiske prosessen. Kongen er ikkje juridisk hindra frå å velje sider blant politiske parti og kandidatar, men han involverer seg sjeldan i val­prosessar eller det daglege politiske virket. Derimot held kongen talar for både parlamentet og samfunnet for øvrig om saker han meiner er særleg viktige. Kongen rådfører seg også privat med kanslaren om statlege affærer.

Den avittiske regjeringa blir forma av den største koalisjonen av representantar i det nedre kammeret, og ministrane må bli godkjende av både det øvre kammeret og kongen. Den høgste valde representanten er kanslaren, som fungerer som regjerings­overhovud. Dei øvrige ministrane leiar sine eigne ministerium, inkludert Krigsministeriet, Utanriksministeriet, Tryggingsministeriet, Skatteministeriet, Transportministeriet og Helseministeriet.

Økonomi

Den økonomiske politikken til Det avittiske riket har tradisjonelt vore langt meir moderat enn den huitakiske. Den store innverknaden frå store selskap på den politiske prosessen gjer også at politikarane kjem nærmare selskapa og til dels kan påverke dei tilbake. På overordna nivå er det uansett konsensus om at den økonomiske politikken må ha som mål å styrke Riket sin posisjon og bidra til vidare utvikling av både selskap og nasjon. Enkelte av dei store selskapa er også halvt statseigde, men staten har ikkje for vane å gripe inn politisk overfor enkeltselskap.

Den avittiske nasjonalvalutaen er resk (R.). Resk er også i bruk i Det avittiske kongeriket på Paĉa, men dei to valutaane er ikkje synkroniserte og kan derfor ha skiftande vekslingskursar seg imellom. Der det måtte vere eit behov for å skilje mellom dei to blir den zuhanske resken også omtala som kiruze ko resk, eller «andre resk».

Militærmakt

Det avittiske riket har ei fullt utvikla militærmakt, og særleg Luftvåpenet har ein lang og stolt tradisjon i det avittiske samfunnet. Dei avittiske væpna styrkane inkluderer alle dei tradisjonelle våpen­greinene, og Det avittiske romvåpenet inngår i forsvaret av Zuhe-systemet under Den konføderale over­kommandoen.

Kalender og tidsrekning

Etter koloniseringa av Boĉika erklærte kong Mecezne Anter V ein ny æra, som starta med Pionéranes år 1 (år 1 P.Å.). Alle datoar før koloniseringa vart da rekna som År av Den gamle verda (G.V.), men vart framleis talde i samsvar med dei gamle tradisjonane for den rikbanske kalenderen. Det siste året i den gamle kalendaren vart dermed 1422 G.V., og 1423 G.V. vart i staden 1 P.Å.

Da kongen flytta hovud­staden til Etzeruta i 58 P.Å. (3952 JP), vart den offisielle avittiske kalenderen endra til den boĉikiske standard­kalenderen. Årstalet vart ikkje påverka; åra etter 58 P.Å. vart berre lenger enn dei før flyttinga. Den boĉikiske standard­kalenderen blir også delvis bruka som ein sekundær kalender blant dei paĉiske avidane, for å halde følge med resten av Riket. For å markere skilnaden mellom paĉiske og boĉikiske standard­år er praksisen delt mellom å halde fram med tidsrekninga i G.V. eller å merke åra som P.P.Å., for paĉiske pionérår. Den boĉikiske standard­kalenderen er den einaste offisielle kalenderen på Nenkatakoa, men uoffisielle tilpassingar eksisterer også der.