Skip to main content

Kurouba Sécherheet

Versjon 0.1, 2020-04-06

Kurouba Sécherheet, ofte omtala som Kurouba eller Kléi og stilisert 4sec, er blant dei største tryggings­selskapa på Huitaka. Firmaet leverer tryggings­tenester i form av både vakter og ulike teknologiske løysingar. Korouba er heilt eller delvis ansvarleg for tryggleiken på dei fleste huitakiske rom­installasjonane. Dei står også for trygginga av fleire kommersielle installasjonar i Det avittiske riket.