Skip to main content

Shinkai Technologie

Versjon 0.2, 2020-06-21

Shinkai Technologie er blant dei fremste og eldste teknologi­selskapa på Huitaka. Firmaet er ein av dei største leverandørane av fleire romfarts­relaterte teknologiar og produkt, i tillegg til planetær marin­teknologi. Selskapet driftar også kommersielle satellittar og romstasjonar i Zuhe-systemet, og leverer dessutan militære satellittar for Det planetære demokratiet Huitaka.

Shinkai har øvste hovudkvarter på Huitaka, men har også planetære hovudkvarter på både Ĉakven og Boĉika for å under­støtte verksemda deira på desse planetane.

Historie

Selskapet har utspring i Shinkai Marin­technologie, ein leverandør av ulike teknologiske løysingar for undervass­verksemd. Med lang erfaring med å kunstruere verktøy for trykksette, isolerte og jamt over ugjestmilde miljø, var selskapet raskt til å gripe mogleg­heitene da dei ulike nasjonane på Paĉa for alvor byrja utforske verds­rommet. Shinkai tilbaud tenestene sine på den opne marknaden og vart snart involvert i fleire romfarts­prosjekt og utvikla ei rekke proprietære løysingar for bruk i verds­rommet.

Shinkai Technologies var tungt inne i koloniseringa av Huitaka og var eit av dei første store selskapa med permanent nærvær på planeten. Selskapet flytta seinare heile hovudkvarteret til planeten og vart ein sentral aktør i huitakisk økonomi og samfunn. Shinkai opererer i dag utelukkande i Zuhe-systemet.

Produkt og tenester

Shinkai Technologie leverer romskip av alle typar og storleikar, i tillegg til rom­stasjonar og satellittar for kommunikasjon, observasjon eller militær bruk. På den planetære sida leverer selskapet dessutan ubåtar og fjernstyrte fartøy, samt mikro­elektronikk og komponentar for bruk i system frå andre selskap.