Fellesskapet Nye horisontar
Versjon 0.25, 2021-03-27
Fellesskapet Nye horisontar er eit religiøst fellesskap med utspring i rikba. Trusretninga er representert på ei rekke planetar og månar, og utgjer det største trusfellesskapet i Utu-systemet. Fellesskapet baserer læra si på ei moderne nytolking av rikba og søker å finne eller etablere ei ny og himmelsk verd utanfor Paĉa.
Teologi
Gjenstår:
- Verdsfilosofi
- Rettar og plikter
- Døden
Teologien som forfekta av Fellesskapet Nye horisontar er bygd på tre gjensidig støttande pillarar:
- Den allmektige men fjerne Gud,
- Verdien av personleg innsats og
- Guds rike i røynda.
Fellesskapet Nye horisontar skil seg frå dei større skolane innanfor rikba på fleire punkt. Dei meiner til dømes at Gud har trekt seg tilbake og ikkje lenger involverer seg aktivt i verda. Ho blitt fjern og har overlate Skapnaden sin til å vakse og modnast på eiga hand, som eit barn til slutt må bryte fri frå ei kjærleg mor. Fellesskapet underkjenner dermed mykje av den moderne empiriske teologien gjennomført av dei større rikbanske skolane, og det baserer seg i staden på ei ei langt fastare tekstsamling enn dei større skolane.
For å balansere Guds fråvær legg Fellesskapet dess større vekt på innsatsen til den enkelte for å gjere Guds gjerning i Hennar fråvær. Det er derfor forventa at medlemmane bidreg til verdas modningsprosess, gjennom å betre seg sjølv og verda rundt dei.
Sjølv om Paĉa var starten på alt liv, meiner Fellesskapet at ho ikkje naudsynleg vil vere sentrum for slutten på verda som vi kjenner ho. Paĉa treng heller ikkje vere lokasjonen for Guds kommande rike. Den kjende verda er blitt kraftig utvida dei siste par tusen åra, og Fellesskapet meiner i staden at Guds rike vil komme der disiplane Hennar er mest vyrdsame og verdige og der det riktige grunnlaget er lagt.
Fellesskapet meiner ikkje at heile universet må gå under for at Dommedag skal komme og Guds rike oppstå. Dei ser i staden Dommedag som ei uunngåeleg og katastrofal straff som vil komme når Gud igjen vaknar og gjev seg til kjenne. Denne Dommen over verdige og uverdige vil gjere Dei nye horisontars disiplar i stand til endeleg å realisere det dei har førebudd og arbeidd for: Guds rike i denne verda. Det er i denne tydinga Fellesskapet kallar medlemmane sine til søket etter Guds rike bak nye horisontar.
Organisasjon
Fellesskapet Nye horisontar er organisert som ein føderasjon av nasjonale kyrkjer. Den spirituelle leiaren av Fellesskapet er Gjetaren, som er overhovud for Eldrerådet.
Den utuanske greina av Fellesskapet er organisert tilsvarande éin nasjon i Den gamle verda, men på grunn av den spreidde og irregulære busettinga i systemet er Utu-greina langt meir desentralisert enn dei andre nasjonale kyrkjene som inngår i Fellesskapet.
Både i Den gamle verda og i grenselanda i Utu er den viktigaste organisasjonen den lokale kyrkja. Desse kyrkjene er ofte mindre tradisjonelle enn i andre skolar av rikba, og reflekterer gjerne den modernistiske filosofien Fellesskapet representerer.
Praktisering og ritual
Gjenstår:
- Feiringar og høgtider
- Gudstenester og tilbeding
Fødsel og modning
Fellesskapet Nye horisontar følger i stor grad dei etablerte rikbanske rituala for fødsel og modning, men legg større vekt på det personlege ansvaret i Det gode løftet.
Ekteskap
Som følge av at Fellesskapet Nye horisontar avviser fleire nyare tekstar frå rikbask empirisk teologi, anerkjenner dei framleis ikkje ekteskap som ikkje kan gje avkom. Giftarmål er derfor i praksis avgrensa til heterofile par av same art, eller i nokre tilfelle same familie. Forskarar har også knytt denne konservative praksisen opp mot Fellesskapet og nybyggarane sitt behov for å auke medlemstalet og halde ved like samfunna sine.
Døden
I motsetnad til andre rakibar, som har ein sterk preferanse for kremering, blir daude disiplar enten begravde eller kremerte avhengig av lokal skikk – eller, i mange tilfelle, av kva som er mest praktisk. Mange ser på begraving som ein siste måte å gje noko tilbake til verda, men i Utu blir dette rekna for både pretensiøst og høgst upraktisk.