Skip to main content

Kansistane

Versjon 0.1, 2021-12-04

Kansistane er ei delvis organisert politisk gruppering i Inti-systemet som følger ulike tolkingar av kansismen. Ideologien og følgarane tek namnet sitt frå grunn­leggaren, den paĉiske kaniden Eqbal Kanso. Kansismen er både reaksjonær og til dels revolusjonær, men sjølv om det store fleirtalet av intiske borgarar er sterkt ueinige med bodskapet er det ikkje offisielt forbode.

Ideologi

Kansismen er ein sterkt reaksjonær ideologi, sentrert rundt idéen om «det opphavelege» som reint, overlegent og uerstatteleg. Kansistane brukar denne idéen både geo­politisk og identitets­politisk. Geo­politisk meiner dei at Paĉa som alt livs mor og den opphavelege heim­planeten er det naturlege og universelle politiske sentrum, over­ordna alle andre. Dei er derfor mot­standarar både av UIA som egalitær institusjon og av COP som uavhengig entitet. Dei fleste retningane innanfor kansismen støttar ei form for revolusjon mot dagens styres­makter og politiske entitetar med mål om å (gjen-)opprette eit paĉisk overherredømme, men framgangs­måtane varierer. Det same gjer synet på dei zuhanske og utuanske entitetane og institusjonane.

Identitetspolitisk ser kansistane heile vegen attende til Dei seks stor­imperia. Kansistane trekk ein historisk tråd frå dei gamle imperia til dagens tre paĉiske stor­makter, Enuhem, Renzi og Senchi-imperiet, som dei meiner er dei historiske arvingane etter Stor­imperia. Sentralt i denne forteljinga står rolla til kanidane og felidane som dominerande herskar-artar, overlegne alle dei andre artane på Paĉa. Basert på denne historiske bakgrunnen ønsker kansistane seg attende til ein imperium-liknande administrasjon med rettigheiter knytt til art i staden for geografi, som ei slags utviding av det senchiske konseptet for spesifikk jurisdiksjon.

Kansistisk tankegods involverer ei sterk motstand mot «det unaturlege» og «det utradisjonelle», inkludert avvik frå gamle kjønns­roller og gen­modifisering for ikkje-medisinske føremål, som kansistane ser på som ein trussel mot «det opphavelege» paĉiske livet og den kanittisk-felittiske verds­ordenen. Kansismen er i utgangs­punktet ikkje knytt til nokon spesiell religion, men fremmar ei tilbake­vending til meir tradisjonell og konservativ religiøs praksis, uavhengig av religiøs tilhøyring. Mange kansistar følger likevel sardommen, som dei meiner er ei reinare og opphaveleg tru med fokus på naturleg balanse i verda, eldre enn andre, meir folke­sentriske religionar. «Nyvinningar» som kemistisk sosial­teologi, anterisk aksept for homo­file ekteskap eller tanken om eit Guds rike utanfor Paĉa blir i alle tilfelle avviste som øydeleggande kjetteri.

Økonomisk er kansistane relativt liberale. Dei ønsker ein fri marknad med stor grad av personleg ansvar, der staten må balansere mellom aktiv deltaking og å legge til rette for privat konkurranse. Kansistane ønsker større rom for private aktørar, men vil samstundes bruke statsmakta til å sikre enkelte sentrale verksemder under statleg eigarskap. Dette gjeld særleg innanfor kommunikasjons­teknologi, militær teknologi og infrastruktur. Til gjengjeld vil kansistane opne ei rekke andre felt opp for utvida konkurranse og deregulering.

Historie

Kansismen bygger på langt eldre politiske strøymingar, men vart formalisert av den paĉiske kaniden Eqbal Kanso. Eqbal Kanso var ein reaksjonær, enuesisk medlem av den paĉiske Planetær­forsamlinga, og gav i 3986 JP ut boka Storleik tapt (monda: Grandec perdita). Boka var ein kombinasjon av sjølv­biografi og politisk manifest, og etablerte det kansistiske konseptet om «det opphavelege». Gjennom denne linsa tolka Kanso ei rekke ting, inkludert paĉisk historie og artane sine roller i samfunn og politikk.

Boka vart populær i fleire miljø, og ei vagt definert politisk røyrsle vaks fram rundt Eqbal Kanso. Kanso sjølv vart fråteken setet sitt i Planetær­forsamlinga i 3992 JP som følge av ei politisk ekskludering, og to år etter vart Kamak like­stilt med Paĉa. Mange av følgarane til Kanso såg dette som eit kupp og eit svik mot Paĉa, og for dei vart etableringa av UIA i staden ei rasering av paĉisk over­herredømme – det siste, bitre provet på ein paĉisk «storleik tapt».

Politisk status

Omtrent to hundre år etter at Eqbal Kanso gav ut Storleik tapt er kansismen framleis levande, om enn mest som politiske undergrunns­røyrsler. Det finst fleire mindre kansistiske parti på Paĉa, men dei blir som regel frosne ute frå samarbeid med større parti. Som følge av det reaksjonære og arts­diskriminerande tanke­godset har kansistiske parti og grupperingar typisk tiltrekt seg rasistar, sjåvinistar og ymse bøllar, men lovnadane om ein att­vunnen storleik og makt til (det paĉiske, kanittiske og felittiske) folket har også lokka meir respektable og folkelege politikarar. Den kansistiske identitets­politikken har dessutan ført til at enkelte intiske funksjonærar, og særleg kanittiske og felittiske militære, sympatiserer med ideologien.

Dagens kansistiske parti er som regel «moderate» og ikkje-valdelege men provoserande. Mange av partia støttar framleis ein kansistisk revolusjon, men i praksis søker dei i større grad reform gjennom det politiske systemet. Utanfor dei politiske partia finst det derimot ei rekke organisasjonar og lausare grupperingar som aktivt provoserer og trakasserer intiske styres­makter og profilerte personar som ikkje er kanidar eller felidar. Enkelte av desse gruppene er erklært ulovlege som følge av valdelege hendingar eller gjentakande trakassering, men uformelle nettverk og laust definerte røyrsler gjer det vanskeleg å forby eller slå ned på all uønska kansistisk aktivitet.