La Ŝipkonstruejoj
Versjon 0.2, 2021-10-03
Ŝikonjo (offisielt La Ŝipkonstruejoj, Verfta) er namnet på det UIA-eigde verftet. Føretaket er basert på Paĉa og produserer hovudsakleg romskip for Den sameinde Inti-administrasjonen, Den intiske romflåta og andre kundar i Inti-systemet.
Selskapet har røter tilbake til eit gammalt felittisk verft, som seinare vart nasjonalisert og teke over av UIA for å sikre produksjonslinjene og tilgangen for offentleg bruk. Ŝikonjo sine design er ikkje spesielt radikale eller banebrytande, men men produkta er særs pålitelege og tenestene er rekna for gode og relativt rimelege.
Skipsmodellar
Type KP8
KP8-serien, eller Kargopram 8, er ei mellomklasses fraktferje for bruk i miljø med låg eller ingen gravitasjon, som mellom romstasjonar eller månebasar. Serien er ein av dei mest utbreitte innanfor fraktbransjen og kjem i eit stort utval av modellar og konfigurasjonar. Ein KP8 har typisk eit mannskap på to til tre personar.
Den militære versjonen av serien er Type KP8-M. Den intiske romflåta brukar fleire variantar av denne, inkludert KP8-M200 for kargotransport og ambulanse-versjonen KP8-MV10.
Type K71
Type K71 er ein klasse av mindre militære skip på rundt 35 meter, som i Den intiske romflåta er designert som korvettar. Skipa kjem i ulike konfigurasjonar og er hovudsakleg bruka til patruljeverksemd og rutinemessig eskortering. Den vanlegaste konfigurasjonen for patruljeskip er K71/P, normalt med opp til seks mannskap, men med maksimal kapasitet for elleve. Skipa er som regel utstyrte med retningsstyrte kanonar og missilar for å handtere piratverksemd eller andre trugande situasjonar, men dei er ikkje berekna på deltaking i større slag.
Type K71/TR ofrar ting som lastekapasitet, varetektsceller og enkelte våpen for å gjere nytta som ein mindre troppetransport. Type K71/KT er ein tilsvarande konfigurasjon dedikert til fangetransport.