Skip to main content

Stormens tempel

Versjon 0.25, 2021-02-27

Stormens tempel er ei religiøs sekt som tilbed Dama av Kaos, ein gammal guddom også kjend som Hellets frue. Sekta er gammal, men i motsetnad til fleire andre religionar tok ho ivrig til seg fleire vitskapelege oppdagingar og kom styrka ut av den generelle moderniseringa av samfunnet.

Vanlege symbol som blir assosiert med sekta er eit timeglas som renn opp ned, ein sommarfugl med solstrålar og eit kvinneandlet som er halvt lyst og halvt mørkt, med håret ut som solstrålar.

Medlemskap og popularitet

Stormens tempel er ingen spesielt stor religion, men mangelen på ein sentral autoritet gjer det vanskeleg å oppdrive nøyaktige tal. Offisielle folke­teljingar er heller ikkje pålitelege, ettersom medlemmar er kjende for å rapportere seg sjølv under andre denominasjonar, særleg som ateistar. Medlemskap i sekta er ope for alle som underkastar seg Dama av Kaos og som, i alle fall i teorien, dedikerer seg sjølv til å tilbe Ho og gjere Hennar gjerning blant dei levande.

Det er ikkje dokumentert noko signifikant fleirtal av éin art i Stormens tempel. Tvert imot verkar medlemma å vere spreidd ut over dei fleste, om ikkje alle, artar og nasjonar i Jurakaŭe.

Verdssyn

Verdssynet til Stormens tempel tek i dag utgangspunkt i teorien om Det store smellet, og legg vekt på den uunngåelege ustabiliteten singulariteten innebar og korleis Smellet løyste denne livlause kvasi-stabiliteten. Ettersom det var i det påfølgande kaoset universet vart født, ser sekta dette kaoset som minst like kreativt som destruktivt. Denne kreative øydelegginga er eit sentralt konsept for Stormens tempel og fungerer som inspirasjon for tru og handling i namnet til Dama av Kaos.

Medlemmane i sekta feirar livet som eit unikt resultat av dei kaotiske hendingane i universet. Livet er også ein skapar av entropi og kaos gjennom sine uføre­seielege handlingar og driv dermed universet enno vidare. Sia medlemmane ser livet som både far og son til kaoset, om enn i ein liten målestokk, ser dei også døden som ein blindveg utan fleire moglegheiter til å gjere Dama sitt verk og å bringe meir kaos til verda. Sekta er derfor ingen dødskult i seg sjølv.

Enkelte medlemmar av Stormens tempel meiner likevel at døden er eit akseptabelt middel dersom resultatet er tilstrekkeleg spektakulært. Opp gjennom historia har fleire terror­åtak blitt tilskrive ekstreme tilhengarar som har søkt å skape større omveltingar enn det var mogleg utan tap av liv – i mange tilfelle også deira eigne. Sekta har også vore mistenkt for å stå bak fleire uventa kriser og hendingar, inkludert økonomiske samanbrot og plutseleg eskalerte krigar. Sjølv om ingen har klart å finne prov for påstandane, er det også fleire som hevdar at Stormens tempel stod bak falla til nokre av dei største rika og dynastia i historia.

Dama av Kaos

Den einaste guddommen Stormens tempel tilbed er Dama av Kaos. Ho blir rekna for å vere ei nøytral makt som vil korkje godt eller vondt, men spreier kaos og usannsyn. Det blir sagt at når Ho er nær, svekkar Ho sjølve røynda og dei mest usannsynlege ting kan skje.

Sia Dama blir skildra som ei høgst upersonleg gudinne som i liten grad forheld seg til individuelle skjebnar, reknar medlemmane i Stormens tempel seg for tilbedarar, ikkje under­såttar. Det er verdt å merke at sjølv om Ho også blir omtala som Hellets frue, er Ho ikkje ei gudinne for hell og lykke i vanleg forstand. I staden for å vere ein enkel lykkebringar plasserer Hellets frue folk og hendingar ganske enkelt på den eine eller andre sida av hellet, enten det er godt eller ikkje. Ein tilbedar må derfor forvente å erfare både uhell og lykketreff.

I moderne tid har fleire lærde tolka Dama av Kaos som ein metafor for entropien i universet, og dermed ei slags naturkraft. Enkelte av tilbedarane Hennar har teke til seg denne koplinga, om enn ikkje bokstaveleg. Dei meiner varmedøden representerer den ultimate øydelegginga av orden og ein endeleg siger for entropien. Andre er usamde og ser varmedøden som eit tap av reell tilfeldig­heit til fordel for eit i praksis stabilt system, som går mot sjølve idéen om kaos og sjanse. Denne usemja har leia til eit mindre skille internt i sekta, men har ikkje vore viktig nok til å skape eit reelt skisma.

Tru og praksis

Tilbedarane av Dama av Kaos meiner alt unormalt og absurd er eit resultat av Dama si innverking på verda. Naturlege mutantar og andre van­skapningar blir sagt å vere rørte ved av Dama sjølv og er derfar det nærmaste ein kjem heilagdom i denne verda.

Alle forsøk på å skape kunstig orden og redusere tilfeldig­heit blir rekna som hyklarsk, skjønt skilnaden mellom «ærleg og nyttig arbeid» og hyklarsk orden ofte er vag. Prosessar som gen­modifisering for å endre ufødde skapningar er imidlertid eit klart brott på prinsippa til Dama av Kaos, og medlemmane i Stormens tempel er derfor sterkt mot alle slike tiltak.

Sjølv om Hellets frue blir rekna for ei nøytral makt, bed tilhengarane Hennar ofte om velsigning for å halde seg på den gode sida av hellet. Dette, kombinert med den sterke trua deira på at Ho kan få usannsynlege ting til å skje gjennom sitt blotte nærvær, har trekt mange av tilbedarane til hasardspel og veddemål, ofte mot høge odds. Mange av desse ber medaljongar til ære for Dama, for på den måten å tiltrekke nærværet Hennar.