Skip to main content

Ambasadoro Gerhard Meyerink

Versjon 0.1, 2019-06-24

Ambasadoro Gerhard Meyerink er den noverande ambassadøren (stats­overhovudet) for Den sameinde Inti-administrasjonen. Han er ein 63 år gammal maremma frå Aĥen, ein mindre by omtrent 120 km nordaust for Deĥo. Før han vart utpeika til ambassadør, var Meyerink ein velkjend fysikar og spesialist innanfor forsking og utvikling av opto­elektronikk.

Biografi

Tidleg liv

Gerhard Meyerink vaks opp i ein sekulær familie av offentlege tenestemenn: mor hans var ein offiser i Fredskorpset på Paĉa og far hans var ein lokal­politikar for Det kanittiske arbeidar­partiet. Han teneste­gjorde åtte år i Hæren, inkludert to turar til Kamak for øvingar og trening til interplanetær støtte. Meyerink forlét Hæren som korporal 2. grad (R-2/1) og dro heim att til Aĥen for å ta ei utdanning innan fysikk.

Interessen hans for vitskap, og særleg fysikk, tok Meyerink først til Kanida universitat de sciencoj teoriaj (KUST), Det kanittiske universitetet for teoretisk vitskap, utanfor Deĥo. Framgangen hans ved KUST leia han vidare til den felittiske hovudstaden og Strezneja akademio de naturaj sciencoj (SANS), Akademiet for naturvitskap i Streznej. Ved SANS spesialiserte Meyerink seg i optisk data­teknologi, og han forska på fleire nye bruks­område for opto­elektronikk, inkludert i nevrale nettverk og i utviklinga av nye kommunikasjons­system.

Politisk og vitskapeleg karriere

I løpet av tida hans ved KUST vart Gerhard Meyerink involvert i student­politikk. Dei første politiske erfaringane gjorde han seg i student­foreininga til fysikk­studentane, der han diskuterte både administrative og akademiske saker. Etter kvart fekk han ei offisiell stilling i student­foreininga og tok til å representere fysikarane i student­parlamentet. Dette var Meyerink sitt første politiske verv.

Gerhard Meyerink bygde vidare på både dei vitskapelege og dei politiske merittane sine ved SANS. Der vart han ei innverknads­rik røyst blant fysikarane, særleg innanfor emnet vitskapsetikk. På vegen frå student til professor bytte han student­foreininga med prestisjetunge Ligo de intiaj gefizikistoj (Ligef), Samskipnaden av intiske fysikarar. I Ligef heldt Meyerink fram med å engasjere vitskaps­fellane sine med tema som etikk og politiske effektar av vitskapeleg forsking.

Meyerink flytta seinare tilbake til Doĥa og tok opp ei stilling som professor og senior­ekspert på opto­elektronikk ved KUST. På dette tidspunktet var han overtydd om at vitskap aldri kunne skiljast heilt frå politikk, og han argumenterte for at vitskaps­folk burde innta ei meir aktiv rolle i samfunnet og politikken. Sjølv gjekk Meyerink med i Det demokratiske unionist­partiet (DUP) og vart kjend som ei fornufteg og ansvarleg røyst innanfor planetær politikk. Gjennom DUP fekk han etter kvart plass som delegat først i Paĉa sentral­komité og deretter i Den inter­planetære sentral­komitéen (ICK). Det vitskapelege arbeidet og dei nyanserte synspunkta hans gav han mykje respekt også utanfor hans eige parti, og da han var ferdig i ICK vart han nominert og vald til ambassadør.