Skip to main content

Sardommen

Versjon 0.1, 2021-03-27

Sardommen (medlem: saran, adj.: sardisk) er ein mindre natur­religion, nokre gongar også omtalt som ein tradisjon eller ei folke­tru. Religionen hadde sitt opphav på Paĉa, men har opplevd ei gjen­oppliving blant enkelte romfartande, og dei største samlingane av tilhengarar utanfor Paĉa er i dag å finne på Kamak og Huitaka. Sardommen er også representert i Utu-systemet og i nokon mindre grad elles i Zuhe-systemet.

Teologi

Sardommen har to gudar, men hovudvekta i religionen ligg på åndane, kjend som sar (i både eintal og fleirtal). Det er desse utallege sar som gjev kraft til alle slags ting og fenomen i verda, og dei tek gjerne bustad i dei tinga dei representerer. Enkelte meiner gudane berre var dei første sar, mens andre meiner dei var større og mektigare enn vanlege sar.

Gudar og guddommar

Dei to sardiske gudane er kråkeguden Harče og reve­guden Voiče. Dei to er ikkje fiendar og ikkje gode eller vonde, men dei er begge slu og utspekulerte og spelar stadig kvarandre ulike puss. Dei skapte verda, men har lite med ho å gjere i det daglege.

Åndane, eller sar, er derimot til stades den dag i dag og gjev kraft og liv til alle ting. Det finst utallege sar. Nokre av desse er universelle og velkjende, knytt til fenomen som regn, sol og vind, mens andre kan vere knytt til lokale stadar eller meir spesifikke fenomen. Det er inga sentral oversikt over alle sar, og det finst derfor ei rekke ulike tradisjonar og variantar innanfor sardommen.

Skapingssoge

I følge sardommen er Jurakaŭe berre ein liten del av ei langt større verd, og Paĉa og dei andre planetane vart til da kråke­guden Harče kasta smågrus etter reve­guden Voiče. Men Voiče var for rask, og små­steinane bomma og vart strødde utover.

Voiče gjorde narr av Harče for det dårlege kastet, og slengde sjølv ein fakkel etter kråke­guden. Fakkelen flaug forbi utan å treffe Harče, og slik vart sola ei brennande kule på himmelen. Dei to heldt fram med å prøve å lure og overliste kvarandre, og skapte på den måten stadig meir av Jurakaŭe.

I alle desse tinga som vart til i små­kranglane mellom kråke­guden og reve­guden, tok sar til å leve. Dei tok etter gudane, og sette liv i luft, jord og vatn. Slik oppstod naturen og alle fenomena som høyrer med.

Organisering

Sardommen er ikkje i utgangspunktet nokon organisert religion. Saranarane har tradisjonelt praktisert religionen i familien og i mindre, lokale forband, med dei lokale tempela som samlingspunkt. Desse tempela var opprinneleg gjerne småe og dedikerte til éin eller eit par sar, og låg i umiddelbar nærleik til fenomena desse sarane representerte.

Med urbanisering og globalisering har sardiske tempel blitt større og meir sentraliserte, men prinsippa er framleis dei same. Mange saranarar har også etablert småe altar i heimane sine der dei kan tilbe dei viktigaste sarane sine.

Større tempel kan ha faste prestar som har teke på seg ansvaret for å ivareta tempelet og saren eller sarane det er dedikert til. Desse prestane er sjeldan organisert på nokon overordna måte, og får inntektene sine gjennom donasjonar frå dei som vitjar tempelet.

Sardommen har ingen sentrale religiøse tekstar, sjølv om det finst enkelte verk som samlar fleire av dei største historiane og informasjon om ulike sar. Som følge av det lokale og tradisjons­retta fokuset har religionen også mange avartar og variantar, utan at desse naudsynleg blir sett på som separate religionar.

Praksis og ritual

Gjenstår:

  • Tilbeding, ofringar og høgtider
  • Fødsel
  • Modning
  • Ekteskap
  • Døden