Skip to main content

Anterismen

Versjon 0.25, 2021-04-01

Anterismen er den største religionen i Jurakaŭe og blant dei eldste trus­retningane som framleis blir praktiserte. Anterismen er ein form for monolatrisk religion som fokuserer på tre hovud­gudar: Iro, Vesha og Lakeh. Anteristane tilbed som regel éin av desse tre som sin personlege gud, men anerkjenner samstundes dei to andre som viktige gudar. I tillegg kjem ei rekke mindre gudar og guddommar. Enkelte vel seg også ut ein vernegud blant dei andre gudane, gjerne på grunn av gudens spesifikke krefter og eigenskapar.

Anteristar nektar ikkje for at også gudar frå andre religionar kan eksistere, men dei blir ofte sett på som underlegne, som mistolkingar av anteriske gudar eller som lågare vesen som urettmessig gjer krav på guddoms­makt.

Demografi

Anterismen er spreidd ut over alle planetar og samfunn, og særleg i Inti-systemet. I Den sameinde Inti-administrasjonen er anterismen så dominerande at mange ser på han som ein de facto stats­religion, eller i alle fall den dominerande kultur­arven.

Den største konsentrasjonen av anteristar er i Senchi-imperietPaĉa. Sjølv om religionen ikkje kan seiast å høyre til nokon enkelt art, har særleg paĉiske felidar av ulike nasjonalitetar adoptert anterismen som følge av krigar, stormakts­politikk og religiøs misjonering opp gjennom historia. Mange felidar er dermed anteristar, men langt frå alle anteristar er felidar.

Teologi

Gjenstår:

  • Skrifter og kjelder
  • Skapingssoge
  • Verdssyn og inndeling
  • Rolla til gudane og guddommane
  • Rolla til levande vesen og meininga med livet
  • Døden

Det anteriske panteonet har fleire gudar og mindre guddommar, korav tre er blitt opphøya til «overgudar». Kvar av dei tre hovud­gudane har sine eigne domene, og til saman sikrar dei kosmisk balanse.

I moderne praktisering av anterismen blir det som regel lagt mindre vekt på dei gamle sogene, som skapings­soga og andre mytar. Desse blir gjerne sett på som kulturelle og moralske historier eller metaforar, heller enn bokstavelege og historiske hendingar. Gudane står likevel sterkt, og sjølv blant ikkje-praktiserande anteristar har dei aller fleste ein fast verne­gud dei held høgare enn resten.

Gudar

Dei tre hovudgudane er solguden Iro, jord­gudinna Vesha og måne­gudinna Lakeh. Iro representerer kvalitetar som liv, styrke og krig, mens Vesha står for fruktbar­heit, kreativitet og øydelegging. Lakeh har som oppgåve å balansere dei to, og representerer byrjing og slutt, kvile, død og dom. Ho er også ansvarleg for å ta vare på sjelane til dei daude og å bringe dei vidare frå denne verda.

I tillegg til dei tre store finst det fleire mindre gudar og guddommar. Kor viktige desse er varierer veldig blant anteristane. Nokre av dei best kjende er Bashelem, Sekro, Untora og Varteh.

Organisering

Anterismen er ingen sentralisert religion, og det finst ingen høgare autoritet. Anteristane er derfor ofte organisert i grupper som tilhøyrer eit fast tempel, kjend som ein mai. Maiar er typisk dedikert til ein større gud, men alle er velkomne til å be til den guden dei måtte ønske. Tradisjonelt har maiane også vore viktige for reisande, som har kunna søke ly og hjelp hos den lokale maien. Dette er i dag ein lite bruka, men framleis respektert praksis og eit ansvar som er delt mellom leiaren for maien og alle medlemmane.

Praktisering og ritual

Gjenstår:

  • Giftarmål (ritual)
  • Død
  • Feiringar og heilagdagar
  • Gudstenester og tilbeding

Fødsel

Nyfødde blir dedikerte til éin gud snarast mogleg etter fødselen. Ettersom anteristiske par som regel tilbed same gud blir barnet ofte dedikert til denne guden. Ved neste ordinære guds­teneste etter fødselen vil foreldra be ei eiga bøn til alle dei tre fremste gudane. I denne bøna takkar ein Vesha for barnet og bed ho gjere barnet frukt­bart og rikt, bed til Iro for liv og styrke, og prisar Lakeh for ein ny start og bed ho vere barnet nådig.

Etter eitt år blir dedikeringa av barnet forsterka med ei ytterlegare bøn og ei rituell svøping av barnet med eit tøystykke med illustrasjonar for den valde guden. Kledet var tradisjonelt brodert for hand, og mens enkelte har halde fram med denne gamaldagse praksisen, er det i moderne tid blitt langt vanlegare å bruke trykte klede. Kledet blir teke vare på fram til barnet blir myndig.

Svøpeld

Anteristar reknar 16 år som myndig alder i religiøs samanheng. Dette blir feira med ei særskild guds­teneste i maien familien soknar til. Hovud­elementet i denne gud­stenesta er ei bøn med takk til barnets verne­gud og ei rituell brenning av kledet barnet vart svøpt i etter fødselen. Dette ritualet blir kalla svøpeld.

Etter svøpelden er barnet religiøst myndig og kan sjølv velje kva gud han eller ho ønsker å tilbe. Dei fleste vil likevel halde fast ved den guden dei vart tildelt ved fødselen, i alle fall fram til dei flyttar heimefrå og etablerer seg med eigen jobb eller familie. Etter det vel enkelte anteristar seg ein ny verne­gud som passar betre med livs­situasjonen deira, mens andre, og særleg dei mindre truande, aldri byter. Verne­gudar kan derfor i nokre tilfelle gå i arv i fleire generasjonar.

Ekteskap

I følge fleire gamle anteristiske skrifter er giftarmål eit heilagt samliv mellom inntil tre individ, slik Iro, Vesha og Lakeh delar verda mellom seg. Dei tre gudane legg også føringa for den tradisjonelle samansettinga av ekteskapet: er dei to, kan det vere enten to kvinner eller ein mann og ei kvinne; er dei tre, skal det vere to kvinner og éin mann.

I mangel på ein sentral autoritet er denne praksisen gradvis blitt mjuka opp og tilpassa dei kulturelle forholda. Moderne praksis ser derfor i stor grad bort frå den ortodokse tolkinga, og i dag er det berre særs konservative anteristar som nektar å godta giftarmål som involverer to menn (med eller utan ei kvinne). Ekteskap mellom fleire enn tre personar er derimot ikkje akseptert, forutan blant marginale sekter.

Før moderne tid var det vanlegast at eit giftarmål var mellom ei kvinne og ein mann, og at ei andre kvinne kom til seinare i forholdet, men andre forløp er også kjende. I dag er det meir vanleg med to gifte enn tre, men tresamde ekte­skap er ikkje ukjende, og dei er framleis lovlege og anerkjende i Den sameinde Inti-administrasjonen og Det planetære demokratiet Huitaka. Det avittiske riket, som har rikba som stats­religion, anerkjenner derimot ikkje slike giftarmål og reknar dei for ulovleg polygami.