Skip to main content

Piratverksemd

Versjon 0.1, 2019-01-05

Piratane i Utu-systemet er for det meste små, uavhengige aktørar utan noko særleg samarbeid eller organisering. Miljøet er prega av laust samansette og raskt skiftande grupperingar for personleg vinning. Mange ser dessutan på gruve­selskapa som ein felles fiende.

Dei fleste piratane og andre ulovlege grupperingane føretrekk å bruke mindre frakt­skip framfor å legge ned sårt trengde pengar og ressursar i større kamp­skip. Smugling og handel på den svarte marknaden er utbreitt, og mange av dei lokale prioriterer å finne ein jobb (kva jobb som helst) over lov og moral (som det ikkje er spesielt mykje av i Utu-systemet uansett).

Piratane går som regel etter gruve­selskapa og skipa deira, heller enn andre utuanske busettarar. Den eksakte graden av samarbeid og gjensidig avhengigheit mellom piratane og andre busettarar er ikkje klar, og enkelte pirat­åtak mot ALA-medlemmar har førekomme.