Skip to main content

Primatech

Versjon 0.2, 2022-02-18

Primatech er eit Huitaka-basert teknologiselskap som har spesialisert seg på utvikling og bruk av kunstig intelligens. Firmaet er ein av dei største leverandørane av KI-system for forbrukarar i Zuhe-systemet, og produkta deira er svært populære i Det planetære demokratiet Huitaka. I motsetnad til sin kanskje største intiske motpart, Fadiki, har Primatech spesialisert seg innanfor forbrukar­marknaden og unngått å konkurrere med allereie etablerte leverandørar av industrielle KI-system.

Primatech har gjort stor suksess med sine personlege assistentar. Dei leverer komplette løysingar som integrerer heime­automatisering med ein personleg KI-assistent, men sjølv­stendige KI-assistentar inngår også i porteføljen for dei som måtte ønske det. KI-assistentane frå Primatech er kompatible med alle dei store huitakiske leverandørane av kybernetiske implantat, og nokre av dei er også kompatible med personlege styrings­einingar frå Mejlotoruta. Andre produkt inkluderer profesjonelle KI-system for situasjonar som krev ein viss grad av interaksjon, som kunde­relasjonar og liknande grensesnitt.

Antroidar

Primatech har nyte godt av Konføderasjonen si relativt lause regulering av kunstig intelligens, og gjennom dotter­selskapet Primavera har dei også utvikla ei rekke ulike antroidar. Som i Inti-systemet er desse først og fremst eit luksus­produkt, men i motsetnad til dei intiske antroidane er det ingen juridiske grenser for kor realistiske desse antroidane kan vere, så lenge dei ikkje har til hensikt å etterlikne ein ekte person.

Evexine

Sjølv om Primatech er Huitaka-basert har firmaet etablert ein filial på den intiske «ferie­kolonien» Evexine. Primatech Evexine er den einaste representasjonen selskapet har i Inti-systemet og fungerer både som utstillings­vindauge, leverandør og utsals­stad for Primatech sine produkt for UIA-borgarar. Særleg populære er Primavera-antroidane, sjølv om dei er tilpassa intiske KI-reguleringar og krav om tydeleg identifisering for antroidar.