Skip to main content

Det republikanske monarkiet Enuhem

Versjon 0.2, 2021-04-03

Enuhem (/e'nu:hem/, adj.: enuesisk; monda: Enuhejm), offisielt Det republikanske monarkiet Enuhem, er det største kanittiske landet på Paĉa. Landet er ei av dei tre paĉiske stormaktene, saman med Renzi og Senchi-imperiet, og Enuhem var sentralt i grunnlegginga av Paĉa råd og den seinare utviklinga av Den sameinde Inti-administrasjonen.

Hovudstaden i Enuhem er Deĥo. Det enuesiske språket er kjent som ĉelabi og fungerer som det kanittiske arts­språket.

Historie

Under Det anutiske samveldet var Enuhem kjent som Kroneiget Enuhem under den anutiske krona. Da Samveldet vart oppløyst i 3194 vart Enuhem ein suveren stat. Enuhem søkte attende til gamle tradisjonar før samvelde­tida og vedtok ein moderne versjon av den tidlegare grunnlova si, som gjeninnførte det historiske republikanske monarkiet som styresett.

Som den største attverande staten etter oppløysinga av Det anutiske samveldet, tok Enuhem i stor grad over makta og statusen til Samveldet. Landet vart dermed også den største konkurrenten til Keisardømmet Senchi.

I 3437, berre tre månadar etter Keisardømmet, lanserte Enuhem sitt eige nasjonale romfarts­program. På dette tidspunktet hadde landet også definitivt etablert seg som ei av dei tre paĉiske stormaktene, saman med Senchi-imperiet og Renzi.

Enuhem var ein føregangs­nasjon i etableringa av Paĉa råd, og føreslo i 3454 å internasjonalisere romfart som eit prosjekt for solidaritet og vitskapeleg samarbeid. Den enuesiske delegasjonen føreslo også å forby all militær aktivitet i verds­rommet. Dette forslaget leia til Traktaten om felles rom­utforsking og raske framsteg innanfor romfarts­teknologi. Som ein leiande romfarts­nasjon var Enuhem også sentral i koloniseringa av Kamak.

Politisk system

Enuhem er eit republikansk monarki. Den enuesiske monarken blir vald som konge eller dronning på livstid av Senatet, ei representativ nasjonal­forsamling med eitt kammer. Kongelegheit er dermed ikkje eksplisitt arva. Skulle eit barn av den noverande monarken vise seg sjølv verdig, er det likevel tradisjon at barnet blir valt som neste monark. Skulle det derimot ikkje vere nokon passande kandidat i den noverande konge­familien, kan Senatet sjølv finne og røyste over andre passande kandidatar.

Den enuesiske monarken har behalde fleire av dei historiske funksjonane sine, mykje takka vere legitimiteten frå den delvis demokratiske kontrollen med kongehuset. Monarken er derfor ikkje berre ein galleons­figur, men eit fullt ut fungerande stats­overhovud og regjerings­sjef.

Det daglege styret i Enuhem er likevel overlatt til første­råden, utnemnd av Senatet og godkjend av monarken. Første­råden fungerer som den øvste folke­valde under monarken, og nominerer resten av regjeringa i samråd med monarken. Ettersom dei øvrige stats­rådane blir utnemnd av første­råden og monarken i fellesskap, blir desse i staden godkjende av Senatet. Det er ingen krav til at stats­rådane må vere folke­valde frå Senatet.