Skip to main content

Minor Planets Services

Versjon 0.1, 2020-04-06

Minor Planets Services (Mipla) er eit Ĉakven-basert transport­firma som tilbyr inter­planetær frakt mellom Ĉakven og Nenkatakoa. Selskapet vart starta av Pascal Shin Tanabé, eigaren av Epsilon Microtech, saman med fire andre grunnleggarar.

Tenester​

Minor Planets Services er den leiande aktøren for transport av både personell og kargo mellom dei ytre zuhanske planetane Ĉakven og Nenkatakoa. Denne inter­planetære grensa har tradisjonelt vore mindre trafikkert, på grunn av dei svært byråkratiske toll- og grense­reguleringane. Mipla har derfor fokusert på å forenkle prosessen for kundane, noko som har ført til ein stor auke i trafikken mellom dei to planetane.