Skip to main content

Tenarh

Versjon 0.1, 2020-12-06

Tenarh (/te'nar,h/, monda: Tenarĥo) er eit mindre land på Paĉa, med ei estimert befolking på rundt 38 millionar. Hovudstaden i Tenarh er Utarhar. Staten har ikkje noko offisielt nasjonal­språk, men det de facto administrative språket er renzisk.

Tenarh er teknisk sett ein einingsstat, men ein stor del av den innlandske politikken og ansvaret er overlate til det regionale nivået. Dette har ført til stor ulikskap internt i landet, som særleg er synleg i det kulturelle og teknologiske skillet mellom dei store byane og dei rurale samfunna.

Historie

Som følge av den geostrategiske plasseringa og intern geografi har Tenarh lege mellom fleire store imperium opp gjennom åra. Landet har imidlertid eit terreng prega av bratte fjell og eit røft klima, som har hindra dei større naboane frå å ta over eller halde fast ved Tenarh. Denne sentrale men uangripelege situasjonen har brakt mange ulike artar til Tenarh, men har også betydd at landet ikkje har fått nyte godt av dei teknologiske framstega som fann stad i dei langt rikare og betre organiserte imperia.

Den manglande tilgangen på teknologi og ressursar førte også til eit større skille mellom den urbane eliten og lands­bygda. Dei større byane, og særleg hovud­staden Utarhar, er i dag nesten eit århundre føre dei meir rurale distrikta når det gjeld tilgang og bruk av teknologiske nyvinningar. I enkelte tilfelle kan skilnaden vere nærmare to hundre år.

Grensene til Tenarh har vore i stadig endring som følge av fleir­tallege krigar og diplomatiske forhandlingar, enten Tenarh var direkte involvert eller tredje­part. Landet har på mange måtar vore definert like mykje basert på kva som ikkje tilhøyrde andre land som kva innbyggarane i Tenarh rekna som sitt eige territorium.

Indre konflikt og sivil uro

Den sterke lokal- og regionalpolitikken har både lagt til rette for og vore årsak til lange konfliktar og mykje uro i landet. Konfliktar har som regel følgt etniske skilje­linjer, men også skiljet mellom sentrum og periferi har vist seg potent.

Ettersom den tenarhiske sentralmakta er relativt veik, blir dei tenarhiske tryggings­styrkane for tida understøtta av det intiske Fredskorpset (Pako). Pako-oppdraget i landet består av trening av interne tryggings­styrkar og støtte til tryggings­operasjonar og stabilisering i provinsane.

Geografi

Tenarh er dominert av to fjellkjeder: Kharn-kjeda, som former ei naturleg grense i nord, og Etred Senar, som delar halve landet aust–vest. Kliamet varierer frå temperert lågland i sør til tørre ørken­sletter i nord, og fjella er snødekte i minst tre månadar om vinteren.

Demografi

Tenarh har ei svært blanda befolking:

Det tenarhiske samfunnet er generelt religiøst. Den største religionen i landet er kemismen, som i hovudsak blir praktisert av mustelidane, kanidane og ursidane. Dei fleste tenarhiske felidane følger anterismen, mens avidane i stor grad er rakibar.

Tenarh er i dag eit moderne land og følger alle relevante lover og reguleringar som ein del av Den sameinde Inti-administrasjonen. Samfunnet er likevel framleis delvis stammeorientert og delt etter artslinjer.