Buhes
Versjon 0.2, 2023-03-26
Byrået for innanriks tryggleik (Buroo de hejmlanda sekurec, Buhes) er den intiske interne tryggingstenesta. Ansvarsområda til Buhes inkluderer kontraetterretning (forutan for militære mål, som høyrer til Miseris) og etterforsking av undergravande aktivitetar, terrorisme, alvorleg organisert kriminalitet og andre fenomen som truar tryggleiken og stabiliteten til Den sameinde Inti-administrasjonen.
Buhes har to avdelingar: Etterforskingsavdelinga (Enkeda divizio, Endi), ansvarleg for førebuing og gjennomføring av påtalesaker, og Tryggingsavdelinga (Sekureca divizio, Sedi), ansvarleg for såkalla trusselundersøkingar, inkludert overvaking av saker eller truslar som ikkje enno er fullt utvikla og klare for påtale. Arbeidsfordelinga mellom dei to avdelingane har vore praktisert lenge, og mens Sedi berre har avgrensa politimyndigheit, kan Endi skaffe særskilde rettskjenningar som kan tillate avdelinga å fungere som eit hemmeleg spesialpoliti med utvida fullmakter. For å kunne operere på denne måten må Endi i utgangspunktet ha grunnlag for å etterforske ei konkret straffesak.
Hovudkvarteret til Buhes ligg i Deĥo på Paĉa, men byrået har eigne kontor og avdelingar spreidd ut over heile Inti-systemet. Det er ikkje kjent kor alle kontora er eller kor mange som jobbar i byrået.