Skip to main content

Avidane

Versjon 0.1, 2021-05-15

Avidane (fugledyra) er eit sentralt folkeslag i Jurakaŭe, først og fremst gjennom Det avittiske riket som utgjer halvparten av Konføderasjonen av uavhengige planetar i Zuhe-systemet. Avidane har også sete på Paĉa i Det avittiske kongeriket, men da dei avstod frå koloniseringa av Kamak og seinare gjennom­førte si eiga kolonisering av Boĉika vart forholdet mellom avidane og Den sameinde Inti-administrasjonen nokså spent. Dei er derfor i liten grad representerte på Kamak og i det intiske byråkratiet.

Kongen av Det avittiske riket er Mecezne Urato III, og den avittiske stats­religionen er rikba. Det avittiske nasjonal­språket er invetanze.