Skip to main content

Den intiske romflåta

Versjon 0.9, 2021-11-09

Rundellen til Den intiske romflåta
Rundellen til Den intiske romflåta, bruka til å merke skip og utstyr.

Den intiske romflåta (La intia kosmoflot, IKF) er romvåpenet til Den sameinde Inti-administrasjonen (UIA) og utgjer den skarpe enden av romfarts­politikken til UIA.

IKF har ikkje sitt eige infanteri eller atmosfæriske luftstyrkar. Alle planetære kamp­operasjonar ligg derfor hos Dei planetære fellesstyrkane.

Arbeids- og kommandospråket i Romflåta er monda. Alle intiske militære romskip har prefikset IKŜ (intia kosmoŝip, /i-ko-ŝo/), og namna blir skrivne utan herme­teikn eller skrå­stilt skrift (t.d. IKŜ Persist).

Bakgrunn

Den intiske romflåta vart grunnlagt med bakgrunn i dei tradisjonelle nasjonale marinane på Paĉa. Marine­strukturen vart vald på grunn av dei mange liknande konsepta i sjøfart og romfart, som autonome og isolerte fartøy med faste mannskapar og lange reisetider. Flåta vart offisielt etablert i 3967 JP som etter­følgaren til Paĉa råd sine tryggings­styrkar, og organisasjonen følgde Administrasjonen gjennom overgangen frå UPA til UIA i 3994 JP med ei omorganisering av kommando­strukturen for å spegle den politiske situasjonen.

Grad og rang

Gradsteikn i Den intiske romflåta

Dei intiske militærgradane følger det intiske tolvtalssystemet, og det er derfor tolv hovud­gradar. Desse utgjer eit einings­befal, og det er derfor ingen parallelle søyler for mannskap, befal og offiserar. Gradane går i staden i rett linje frå matros (R-1) til admiral (R-12). Den høgste graden, storadmiral, er teknisk sett ikkje ein eigen grad, men admiralen av høgast rang (R-12/3).

For å kunne ta høgde for rang eller ansiennitet og skilje mellom mannskap med same grad har det intiske militæret innført tre rangsnivå innanfor kvar grad. Det gjev effektivt fire nivå for kvar grad, t.d. R-1(/0), R-1/1, R-1/2 og R-1/3. For kvarter­meistrar og oppover blir rang markert med striper på jakke­kragen.

Rang blir berre gjeve for inneverande grad og blir ikkje vidareført ved overgang til ny grad, forutan i særskilde tilfelle. Mannskap får typisk R-1/1 etter eitt år i aktiv teneste, mens høgare rang krev vidare trening, utmerking eller lang erfaring innanfor teneste­feltet. I enkelte tilfelle kan også rang følge stilling for å skilje ansvars­nivåa eller sikre at ein kommandant ikkje får lågare rang enn sine underordna.

Raude gradsteikn er #b41213, gylne er #eebd4d.

Tabellen under syner alle gradane i Romflåta og praktiske omsettingar. Det er verdt å merke at sjølv om det er mogleg å korrelere intiske gradar til NATO-gradar, er den faktiske bruken og grupperingane ikkje direkte over­førbare. På grunn av den lineære strukturen er til dømes R-3 til R-5 kvartermeistrar, mens R-4 og R-5 ville vore offiserar i NATO-systemet. Det er ingen spesialistoffiserar (warrant officers) og ingen direkte tilsvarande gradar for NATO OR-6 og over, forutan gjennom bruk av rang.

Merk: fartøyssjefen har alltid tittelen komandant, uavhengig av grad. Ein korvedestra ĉef­sekondant (korvette-kommanderande sjefsløytnant) blir derfor alltid adressert som komandant av mannskapet og anna personell av lågare grad. Personell med høgare grad som ikkje er underlagt kommandanten kan velje å bruke enten komandant eller den faktiske graden.

Gradsnr.Fork.NamnNorskEngelskNATO tilsv.
R-1MatMatrosMatrosSailorOR-1
R-1/1 – R-1/3MatMatros, N-a gradMatros, Nte gradSailor, Nth gradeOR-2 – OR-3
R-2MarMaristKonstabelLeading handOR-3+
R-2/1 – R-2/3MarMarist, N-a gradKonstabel, Nte gradLeading hand, Nth gradeOR-4 – OR-5÷
R-3FurFurierKvartermeisterQuartermasterOR-5
R-4SekSekondantLøytnantLieutenantOF-1
R-5ĈesĈefsekondantSjefsløytnantChief lieutenantOF-2
R-6KasKapitansekondantKapteinløytnantLieutenant captainOF-3
R-7KapKapitanKapteinCaptainOF-4
R-8KomKomodorKommandørCommodoreOF-5
R-9GakGrandkomodorStorkommandørGrand commodoreOF-6
R-10KadKontradmiralKontreadmiralRear admiralOF-7
R-11VadVicadmiralViseadmiralVice admiralOF-8
R-12AdmAdmiralAdmiralAdmiralOF-9
R-12/3GraGrandadmiralStoradmiralGrand admiralOF-10

Uniformar

Uniformane i Den intiske romflåta er basert på ei blanding av tradisjonelle marine­uniformar frå Paĉa. Sia flåta ikkje høyrer til ein enkelt paĉisk nasjon vart uniformane utvikla frå botn av for bruk i verds­rommet, samtidig som dei lånte fleire element frå dei nasjonale marinane. På denne måten søkte Romflåta å skape ein felles identitet for alle nasjonane som teneste­gjorde i flåta og å halde miljøet og symbolikken relativt gjen­kjenneleg for dei ulike nasjonane.

Mannskapane har mørkegråe uniformar (#4f555a) utan beisar, mens kvarter­meistrar, offiserar og admiralitetet ber marine­blåe (#121332) uniformar med beisar i korpsfarge og etter grad. Kvartermeistrar har éin beis, offiserar har to og admiralitetet har éin tjukk beis. Mannskapane ber grads­teikna sine på overarmen, øvrige ber sine på mansjettane. Kvarter­meistrar har inga kommando­løkke.

Uniformstypar

Det er tre ulike uniformsnivå, som igjen kan justerast med bruk av kappe (for nr. 3) eller jakke (nr. 1 og 2). Uniform utan jakke er i utgangs­punktet berre bruka på eigen arbeids­plass, i privat samanheng eller for spesifikke arbeids­oppgåver. Kvinner kan dessutan bere skjørt med uniform nr. 1 og 2, men ikkje nr. 3.

Uniform nr. 1 er ein kvardagsleg arbeids­uniform, meint å vere praktisk og med god rørsle. Sia mange artar er tågjengarar reknar dei fleste dette som den mest komfortable uniformen.

Uniform nr. 2 er ein teneste­uniform for kvardags­bruk ved representasjon eller meir formelle samanhengar. Denne uniformen svarar grovt til kleskodar mellom «business casual» og mørk dress.

Uniform nr. 3 er ein messeuniform til formell bruk. 3A med kappe blir berre bruka til seremoniar.

  • TODO: Kampuniform?

Troppeartsfarger

Uniformane i Romflåta har farga passepoilar, i tillegg til beisar for kvartermeistrar og opp. Både passepoilar og beisar er farga etter troppeart.

TroppeartFargeFargekodeMerknad
AdmiralitetSkarlagens­raud#d6230e
KommandoSkarlagens­raud#d6230eOgså pilotar.
Avgjerds­støtteKarmin­raud#8b1614Navigasjon, rom­meteorologi, m.m.
Ikkje-stridandeKvit#fffcf2T.d. medisinsk, juridisk og religiøst personell.
VåpenGul#c8a52c
AdministrasjonGul#c8a52cOgså logistikk.
IngeniørBlå#3285dbOgså samband, nettverk.

Struktur

Den intiske romflåta er organisert delvis organisert etter den politiske strukturen til Den sameinde Inti-administrasjonen (UIA), med ein sentralkommando som koordinerer alle andre kommandoar. Det éin kommando kvar for Paĉa og Kamak, som er sett opp som identiske einingar. Satellittar og måne­operasjonar høyrer under dei respektive planetære kommandoane. I tillegg har flåta ein ekspedisjons­kommando (EKSKOM), som er ansvarleg for alle operasjonar utanfor Paĉa og Kamak, og ein logistikk-kommando (LOGKOM) med ansvar for støtteflåta, stasjonar og bakkestøtte. Som eit særtilfelle blir Supaj rekna som ein stasjon, og planeten høyrer derfor under LOGKOM, mens patruljar og andre kamp­oppdrag rundt Supaj fell under EKSKOM.

Flåter er som hovudregel organisert i generiske kamp­grupper, og skip høyrer stort sett fast til ei av desse kamp­gruppene. Spesial­grupper er oftast mellombelse kamp­grupper oppretta for eit spesifikt føremål. Avhengig av oppdraget kan ein spesialgruppe­kommandant ha høgare grad enn ein vanleg kampgruppe­kommandant.

Trening og utdanning

Trening og utdanning blir delt inn i to nivå: grunn­leggande trening og yrkes­utdanning. Grunn­leggande trening består av ordinære militære ferdigheiter og innleiande trening for ulike troppeartar, som fartøys­føring, ingeniør­teneste og leiarskap. Denne treninga blir handtert av LOGKOM for å sikre lik standard i heile Romflåta. LOGKOM er derfor ansvarleg for ei rekke ulike militære skolar og akademi i flåta.

Yrkesutdanning består av spesialiserte ferdigheiter opp gjennom ein heil karriere. Sjølv om LOGKOM har ansvaret for standardisering og kvalitets­kontroll, er det dei ulike kommandoane og forbanda som gjennomfører sjølve utdanninga. På denne måten kan t.d. EKSKOM trene meir på interstellar kamp og navigasjon, mens PAKOM og KAKOM kan fokusere på forsvar og planet-nære operasjonar. Kvar flåte kan også på den måten sertifisere eigne mannskapar for grads­opprykk eller andre kvalifikasjonar.

Pilotutdanning

Utdanninga som rompilot er ei svært krevjande fireårs utdanning. I tillegg til grunnleggande militære ferdigheiter lærer pilotar grunnleggande romkrigs­doktrine, og dei får djuptgåande kunnskapar om både manøvrering, bruk og oppbygging av fartøya sine. Pilotar skal ha god kjennskap til alle delar av fartøyet og er derfor også greie generalistar.

Det paĉiske pilotakademiet, gjerne berre omtalt som La akademi, er ein gammal og ærverdig institusjon i Streznej. Den store, århundregamle bygninga er blitt restaurert og fornya på innsida, og husar hovud­trenings­fasilitetane for dei paĉiske rompilotane.

Romhamner, stasjonar og basar

Den intiske romflåta har fleire sentrale knutepunkt. Desse inkluderer både romhamner, romstasjonar og militær­basar spreidd ut over heile UIA-rommet.

Paĉa

Paĉa har fleire militære og kombinert militære og sivile romhamner. Dei største og viktigaste av desse er knytt til dei største hovudstadane på planeten.

Kamak

  • TODO: skriv meg

Beltet

Begge dei to romstasjonane i Asteroidebeltet, Komkos-6 og Komkos-7, er kombinert militære og sivile. Kvar stasjon har ein dedikert sektor for militær bruk og ein eigen dokkingring for å skilje militære skip frå sivil romtrafikk. Den intiske romflåta brukar desse stasjonane som framskotne basar utanfor planetært rom og som base for patruljeoppdrag og anti-piratoperasjonar i Beltet.

Supaj

Supaj er hovudsakleg ein militær utpost og har eit par militære basar på overflata. Det er lite offentleg tilgjengeleg informasjon om desse basane, men kjende overflate­basar inkluderer logistikk­basen Loter-9 og militær­basen Floter-11. Planeten har også eit stort skipsverft drifta av Ŝikonjo og Romflåta.

I bane rundt Supaj er det også to større romstasjonar: eit skipsverft i bane og ein militær utpost. Utposten var operasjonell allereie før overflate­basane vart bygde og er framleis ein viktig del av IKF sin forsvars­doktrine.