Skip to main content

Livets og skaparverkets vaktarar

Versjon 0.2, 2023-02-10

Flagget til Livets og skaparverkets vaktarar
Flagget til Livets og skaparverkets vaktarar.

Livets og skaparverkets vaktarar, betre kjend som Vaktarane (monda: La gvardoj de viv kaj kreaĵ, La gvard), er ein gammal rikbansk organisasjon som tener og forsvarer det rikbanske felles­skapet. Den tydelegaste delen av verksemda inkluderer væpna ordens­vakter som skal forsvare rakibane mot overgrep frå andre religionar, men Vaktarane driv i dag eit mangfald av tenester og verksemder, inkludert ein bank og fleire hotell­ på tvers av begge dei befolka stjerne­systema.

Historie

Rakibane si sterke fordømming av andre religionar har ført til mange konfliktar opp gjennom tidene, både mellom nasjonar og internt i land. I område der rakibane var i mindre­tal, valde fleire å organisere og væpne seg for å forsvare seg mot fleir­talet. Etter kvart som desse forbunda vart meir etablerte, vaks det fram ein overordna forsvars­organisasjon som tok til å kalle seg Livets og skaparverkets vaktarar.

Frå starten av bestod Vaktarane av rakibar som tok på seg ansvaret med å verne trus­fellane sine frå verdslege farar. Etter kvart vart Vaktarane meir og meir profesjonaliserte og gjekk frå ein folke­milits til ein regel­rett para­militær organisasjon. Samstundes utvida dei verksemda si i fleire retningar og byrja tilby meir enn berre fysisk tryggleik, som husly, kjøp og sal, finansielle tenester og sikker transport av både folk og gods. Mange av desse aktivitetane er vidare­førte til i dag i form av kommersielle føretak eigd av Vaktarane.

Økonomisk aktivitet

I dag driv vaktarane ei rekke føretak som tilbyd ulike tenester i heile Jurakaŭe. Nokre av tenestene er tilnærma universelt tilgjengelege, mens andre er konsentrerte til område kor rakibar utgjer ein større andel av befolkinga.

  • Den rikbanske sikringsbanken (RSB) står for alle finansielle tenester både for Vaktarane som organisasjon og for rakibar som ønsker uavhengige banktenester.
  • Autra er Vaktarane sitt transport­selskap og opererer hovudsakleg over lengre distansar, inkludert mellom planetar.
  • Mellombels husly er tilgjengeleg i alle større byar og knutepunkt. Tilbodet varierer frå enkle overnattings­stadar til luksuriøse hotell, og særleg hotell­verksemda er ei viktig inntekts­kjelde for Vaktarane.

Organisering

Vaktarane ligg på utsida av den øvrige rikbanske religiøse organisasjonen. Vaktarane høyrer ikkje offisielt til nokon enkelt­skole, men ønsker alle truande velkomne. Vaktarane sin religiøse praksis er ein kombinasjon av personleg tru, som kan inkludere tilhøyring til ein spesifikk skole, og kollektiv praksis, med stort fokus på sjølv­opp­ofring og teneste for felles­skapet. Sia organisasjonen ikkje ligg under nokon skole, høyrer han heller ikkje under autoriteten til kyrkje, råd eller rektor. Den øvste leiaren, kjend som general­kapteinen, fungerer som militær og organisatorisk sjef, mens medlemmane sjølv står fritt til å følge sine skolar og rektorar i religiøse spørsmål. General­kapteinen og Stabs­rådet hans har dialog med dei ulike rektorane og råda om både religiøse og praktiske tema.

Alle verksemdene Vaktarane driv er i dag organiserte som private selskap eigd av Vaktarane sjølv. Stabsrådet fungerer som øvste styre og peikar ut sjefar for dei ulike selskapa.

Juridisk status

Statar og nasjonar har stort sett unngått å slå ned på Vaktarane som para­militær organisasjon. Årsakene har variert frå svak sentral- og militær­makt til omsyn for det historiske bakteppet med religiøs konflikt. Denne politikken arva til slutt også Den einheitlege Inti-administrasjonen, og Vaktarane vart dermed de facto den einaste tolererte ikkje-statlege væpna organisasjonen i Inti-systemet forutan private tryggings­selskap.

Vaktarane har i dag tillating til å drive verksemda si i både UIA- og COP-kontrollerte område. I Inti-systemet må væpna vakter offisielt godkjennast av Politi­direktoratet og våpen må berast synleg, lik andre tryggings­vakter. Trass tillatinga til å bere våpen har Vaktarane ingen annan særskild status i Inti-systemet. I Zuhe-systemet følger Vaktarane ordinære våpen­reglar, og enkelt­medlemmar kan søke om tillating til å bere våpen skjult. Huitaka gjev som Administrasjonen ingen særskild status til medlemmane, men i Det avittiske riket, som har rikba som offisiell stats­religion, har Vaktarane fått spesiell juridisk status og vern. Der fungerer Vaktarane som sjølvstendige ordens­vakter innan­for Det avittiske riket, i samarbeid med avittiske styres­makter. Vaktarane har likevel gjort det klart at deira lojalitet er til religionen, ikkje til den avittiske staten, og dei er derfor ikkje offisielt rekna som ei forlenging av avittisk makt. Denne politiske uavhengig­heita var eit viktig grep for å gjere Vaktarane i stand til å opprett­halde nærværet sitt i land utanfor Det avittiske riket.

Dei øvrige verksemdene Vaktarane driv har ingen særleg juridisk status og fungerer i praksis som alle andre private føretak innanfor dei jurisdiksjonane dei opererer i.