Skip to main content

Artar i Jurakaŭe

Versjon 0.3, 2021-05-15

Dei ulike artane i Jurakaŭe heldt seg historisk til segregerte grupper basert på artar og genetiske familiar, men ei viss mingling mellom artane har alltid funne stad. I dag er denne segregeringa mindre utbreitt, sjølv om dei fleste land framleis er enten arts­baserte nasjonal­statar eller dominerte av ein fleirtals­art eller -familie. Ei fullstendig mingling av artar er først og fremst å finne i samfunna på Kamak, Huitaka og Ĉakven. På den andre sida er både Boĉika og Nenkatakoa avittisk-dominerte, sjølv på planetært nivå.

Dei største artane er i dag kanidane, felidane, mustelidane og avidane, men det finst også fleire andre grupper, inkludert ursidane og lapidane.

Kryssavl og blandingsavl

Kryssavl i Jurakaŭe dekker to liknande men distinkte forhold, som regel omtalde som kryssavl og blandings­avl. Kryssavl skjer mellom ulike familiar, som kanidane og felidane. Dette gjev sjeldan avkom, og om det gjer, er det som regel ikkje frukt­bart. Dette har vore ein viktig motivator for den tradisjonelle segregeringa av artane.

Blandingsavl er avl av ulike artar eller rasar innanfor same familie, til dømes av ulike hundedyr. Avhengig av genetikken til dei to foreldra vil blandings­avl føre til avkom oftare enn kryssavl. I motsetnad til kryssavl vil dette avkommet ofte vere frukt­bart.

Desse to fenomena har ført til fleire komplekse forhold mellom dei ulike artane. Historisk har behov for overleving og reproduksjon vore styrande og leia til segregering mellom dei ulike familiane (meir om det under). Genetikken også hatt stor innverknad på enkelt­individ. Med dagens globalisering og store grad av interaksjon med andre artar er det mange som møter potensielle partnarar frå andre artar. Den vanlegaste oppfattinga er likevel framleis at den beste måten å oppnå eit stabilt samliv og stifte familie på er å halde seg innanfor sin familie.

På den andre sida har problema knytt til kryssavl opna visse moglegheiter i det moderne samfunnet, ettersom ulik genetikk i mange tilfelle gjer prevensjon over­flødig. Det har gjort at mange kan leve eit noko meir bekymrings­laust liv, men har også gjeve opphav til ein trend der prostituerte i stor grad er immigrantar frå andre arts­grupper enn den som er størst i området. På stadar der artane no er så tett integrerte at det ikkje lenger er snakk om nokon dominerande art, er det framleis vanleg at prostituerte tilbyr tenestene sine basert på kva art kunden tilhøyrer.

For dei som vel å trasse artsskiljet og gå inn i eit fast forhold med nokon frå ein annan genetisk familie er det tre moglegheiter. Den første er at paret ganske enkelt ikkje prioriterer barn. Den andre er adopsjon, som er ein relativt vanleg praksis blant blanda par. Den siste moglegheita er assistert befrukting (eller, for homofile par, surrogati), som blir sett svært ulikt på i ulike samfunn og religionar. Mange rakibar ser assistert befrukting og surrogati som ein måte å godtgjere samlivet overfor Gud, mens kemistane helst unngår det og disiplane av Nye horisontar meiner alle gyldige samliv må kunne gje naturleg avkom. Enkelte anteristar har på si side funne ei personleg løysing gjennom det tradisjonelle treparts­samlivet.

Segregering og konflikt

Paĉa var nasjonane opprinneleg danna på bakgrunn av art. Med nasjonal­statar som kjempa om makt vaks det raskt fram samarbeid og alliansar mellom dei av same ætt og herkomst. Linjene vart ofte trekt mellom artsfamiliar heller enn enkelt­artar. Inngrodde skille og konfliktar mellom nasjonane på Paĉa var ei stor utfordring heilt fram til etableringa av Paĉa råd. Rådet gjorde likevel lite for å løyse problemet, som leia til Dei turbulente åra og Tinasjons­krigen.

Sjølv Senchi-imperiet, med si store utspreiing og varierte befolkning, delte stort sett opp territoria sine etter artar og tidlegare nasjonal­grenser. Sjølv om riks­administrasjonen i seg sjølv var variert, var enkelte artar meir privilegerte enn andre, og innbyggarane levde framleis relativt segregert.

I staden for vaksande imperium og diplomati i Paĉa råd var det romfarta som verkeleg sette fart på det multikulturelle samfunnet og mingling mellom artane. Særleg koloniseringa av Kamak spela ei stor rolle, som eit multi­nasjonalt føretak, men også den påfølgande koloniseringa av Huitaka var ein viktig pådrivar. På desse planetane vart samfunna bygde opp frå botnen av, utan ein like stor grad av innebygd arts­struktur. Resultatet har likevel vore blanda.

På Kamak vart strukturane bygd opp og samfunnet organisert på tvers av grensene i den gamle verda. Sia fleire av dei store nasjonane var tungt inne i prosjektet tok busettarane likevel med seg mange av dei gamle fordommane og tanke­setta sine. Fleire element frå dei gamle kulturane og enkelte typar arts­diskriminering lev derfor vidare også på Kamak, skjønt ikkje like utbreitt som på Paĉa.

På Huitaka vart institusjonane og samfunnet for øvrig forma ikkje av syna og interessane til nasjonal­statar, men til private firma og investorar. Desse tok med seg sine fordommar og tankesett, og mustelidane fekk ei leiande rolle i samfunnet, med sine generøse investeringar og vel­utvikla sans for entrepenør­skap. På den andre sida har dette også ført til fleire stereotypar som skildrar mustelidane som slue og grådige.

Koloniseringa av Boĉika var ein direkte motsetnad til dei tidlegare koloniseringane. I staden for å vere eit multi­nasjonalt føretak, var Boĉika-prosjektet eit nasjonalistisk prosjekt for avidane. Boĉika og kolonien hennar, Nenkatakoa, er hovud­sakleg befolka av avidar og utgjer til saman Det avittiske riket. Andre artar har også tilgang til riket, men lever i praksis som andre­klasses innbyggarar under både statleg og sosial diskriminering.

I Den sameinde Inti-administrasjonen (UIA) er kanidane og felidane dei to mest innflytings­rike familiane, og dei er begge vel­representerte i heile Administrasjonen. Sjølv om dei ikkje har offisielle byråkratiske privilegium, har dei begge høg sosial status og i mange tilfelle kulturell dominans. Mykje av dette stammar frå tida deira som stor­makter på Paĉa.

Etter etableringa av Det avittiske riket i Zuhe-systemet har avidane blitt sett på med aukande skepsis av både innbyggarar og statar i Inti-systemet. Avidar som framleis bur i Inti-systemet har dei same rettane som alle andre UIA-innbyggarar, men dei uforholds­messig lågt representert i UIA-organisasjonar, og dei fleste søker eit liv utan påverking frå Administrasjonen. Dette har leia til eit anstrengt forhold mellom avidane og Administrasjonen og utbreidde stereo­typar og generaliserande oppførsel mot avidane i Inti-systemet.