Skip to main content

Mustelidane

Mustelidane (mårdyra) blir ofte sett på som ein samla familie, men er i realiteten meir ei laust samansett gruppe med artar som delar visse fysiologiske trekk. Enkelte av artane blant mustelidane er genetisk i slekt, som røyskattene, mårane og oterane, men gruppa inkluderer tradisjonelt også artar som vaske­bjørnar og til og med raude pandaar.

Sjølv om det ikkje eigentleg var eit mustelittisk prosjekt, var koloniseringa av Huitaka i stor grad både sponsa, fasilitert og gjennom­ført av mustelidar. Planeten har derfor også ei betydeleg mustelittisk befolkning, og mange av dei største føretaka er eigde av mustelidar.

Mustelidane er ei variert gruppe og snakkar ei rekke språk. Det mest utbreitte språket er luksk, som spela ei stor rolle i den huitakiske koloniseringa. Språket har også blitt påverka av fleire andre språk som følge av dei mange trans­nasjonale føretaka og det multi­kulturelle samfunnet på Huitaka.