Skip to main content

Religionar

Versjon 0.3, 2021-04-01

Dei aller fleste religionane i Jurakaŭe kan sporast tilbake til førmoderne tid på Paĉa. Fleire av dei har også saman­vevde historier. Trass dette har enkelte sett nye utviklingar eller til og med opplevd større skisma som følge av dei store om­veltingane i rom­alderen. Likeleies har eit par nye religionar sprunge fram blant pionérar og utforskarar i verds­rommet.

Inti-systemet har generelt eit stort utval av religionar og trus­retningar. Den langt største av desse er anterismen, etterfulgd av rikba og sardommen. Zuhe-systemet er delt mellom dei to medlemmane av Konføderasjonen: innbyggarane i Det avittiske riket er i stor grad rakibar, mens samfunnet på Huitaka er sekulært med fleire religiøse minoritetar.

Anterismen

Anterismen er ein gammal, henoteistisk religion sentrert rundt tre hovud­gudar: Vesha, Iro og Lakeh. Religionen er spreidd ut over alle samfunn og er den største religionen i Inti-systemet. Forutan det anteriske Senchi-imperietPaĉa har felidar av ulike nasjonalitetar også adoptert anterismen som eit resultat av politikk, krig og religiøs misjonering opp gjennom historia.

Rikba

Rikba er ein av dei større religionane i Jurakaŭe og først og fremst kjend som den offisielle religionen i Det avittiske riket. Rikba er ein utelukkande monoteistisk religion og anerkjenner ingen andre religionar eller gudane deira. Religionen er derfor i sterk religiøs konflikt med øvrige religionar. Dette gjeld særleg anterismen med sine mange gudar og tresamde ekteskap, men også kemismen, som rakibane ser som eit avvik og kjetteri basert på læra til ein falsk profet

Fellesskapet Nye horisontar

Fellesskapet Nye horisontar er ei sekt med utgangspunkt i rikba, og baserer seg på ei alternativ og til dels modernistisk lesing av tradisjonell teologi. Felles­skapet avviser fleire av dei nyare funna innanfor empirisk teologi, og står i staden for ei djupare nytolking av eldre tekstar som bryt med fleire etablerte sanningar innanfor rikba. Felles­skapet utgjer det største trus­samfunnet blant ALA-busettarane, men er også representert på andre planetar og månar.

Kemismen

Kemismen er ei monoteistisk tru som hevdar at alle tidlegare religionar eigentleg tilbed den same kemistiske Gud. Kemismen ein av dei yngste religionane i Jurakaŭe, og hevdar å vere arvtakaren til alle andre religionar. For å underbygge dette har tilhengarane også erstatta den rikbanske empiriske teologien med sin eigen sosialteologi. Kemismen er den einaste av dei større religionane som er forboden i Det avittiske riket.

Sardommen

Sardommen er ein mindre naturreligion, nokre gongar også omtalt som ein tradisjon eller ei folke­tru. Religionen hadde sitt opphav på Paĉa, men har opplevd ei gjen­oppliving blant enkelte romfartande, og dei største samlingane av tilhengarar utanfor Paĉa er i dag å finne på Kamak og Huitaka. Sardommen er også representert i Utu-systemet og i nokon mindre grad elles i Zuhe-systemet.

Stormens tempel

Stormens tempel er ikkje ein ordinær religion, men ei sekt som utelukkande tilbed ein gammal guddom kjend som Dama av Kaos. Det finst ingen sentral organisasjon, og medlemma står ikkje alltid offentleg fram som tilhengarar av kulten. Kulten er både rettmessig og feilaktig assosiert med anarki, konspirasjonar og tidvis også terrorisme.