Skip to main content

Astroza

Versjon 0.1, 2020-07-05

Astroza er eit delvis statseigd romteknologi­firma på Boĉika. Selskapet sine produkt inkluderer det meste frå komponentar og moderne kvante­teknologi, via skips­design og satellittar, heile vegen opp til komplette løysingar for romstasjonar.

Astroza er den største leverandøren til Det avittiske romvåpenet, men sel både produkt og tenester til ei rekke andre private og offentlege kundar. Mange av dei større leveransane involvere også fleire andre under­leverandørar.