Skip to main content

Det planetære demokratiet Huitaka

Versjon 0.2, 2022-02-01

Flagget til Det planetære demokratiet Huitaka
Flagget til Det planetære demokratiet Huitaka.

Det planetære demokratiet Huitaka (luksk: d'Planéitaire Demokratie no Huitaka, ofte forkorta P.D. Huitaka eller berre PDH) er den regjerande entiteten på Huitaka. Det planetære demokratiet vart etablert som eit føretaks­demokrati i 3951 JP og er medlem av Konføderasjonen av uavhengige planetar.

Historie

Det planetære demokratiet vart grunnlagt i 3951 JP, 93 paĉiske år etter at den første kolonien vart etablert på planeten. Styres­makta vart oppretta som ein måte å sjølv­regulere og koordinere det vaksande samfunnet og ikkje minst økonomien på planeten. Systemet var meint å introdusere så få komplikasjonar som mogleg og å overlate mest mogleg til dei allereie etablerte føretaka.

Politisk system

I mangel på noko grunnlag i ein tidlegare stat eller styresmakt, vart politikken på Huitaka bygd rundt dei ulike føretaka som etablerte seg på planeten. Som eit resultat av dette har økonomiske føretak teke den tradisjonelle plassen til statar og nasjonar på Huitaka.

Sia det huitakiske samfunnet er organisert rundt firma og føretak, har desse blitt den fremste kjelda til makt på planeten. Det planetære demokratiet er derfor ikkje eit tradisjonelt demokrati der makta stammar frå folket. Det er snarare eit føretaks­demokrati, der kvart føretak vel sine representantar til Forvaltings­rådet (d'Verwaltungsrot).

Forvaltingsrådet fungerer som ei kombinert lovgjevande og utøvande makt, og peikar dessutan ut presidenten for ein femårs­periode. Presidenten er både stats- og regjerings­overhovud, og det er inga grense for kor mange periodar presidenten kan sitte. Departements­sekretærar blir peika ut av presidenten og godkjende av Forvaltings­rådet.

Ĉakven

Som ein huitakisk koloni er Ĉakven organisert mykje likt som Det planetære demokratiet. Den planetære administrasjonen på Ĉakven har likevel berre mandat til å implementere planetær politikk i samsvar med retnings­linjer fastsett av det huitakiske Forvaltings­rådet. Ĉakven kan derfor ikkje gå imot huitakisk politikk. Planeten er heller ikkje direkte representert i Den konføderale koordinerings­kommisjonen.

Ĉakven nyt godt av visse økonomiske privilegium for å fremme investering og økonomisk aktivitet på planeten. Som følge av dette har Ĉakven blitt ein populær base for industri og under­kontraktørar som leverer varer og tenester til større føretak.

Økonomi

Økonomiske reguleringar i Det planetære demokratiet er generelt ikkje særleg strenge. Staten tilbyr berre eit absolutt minimum av tenester, og all velferd og andre liknande tenester er derfor private. Den planetære valutaen er huitalaren (Ħ).

Ettersom fagforeiningar og andre arbeidar­rørsler kan utgjere ein potensiell trussel mot makt­grunnlaget for firmaa og føretaka som utgjer rammeverket for Det planetære demokratiet, er slike arbeidar­organisasjonar forbodne under huitakisk kriminal­lovgjeving. Dei mest iherdige organisasjonane, som Den raude potes legion, er blitt stempla som terror­organisasjonar for sitt aktive arbeid mot etablissementet og undergraving av offentleg politikk og suverenitet.

Militærmakt

Dei huitakiske tryggingsstyrkane er eit samleomgrep for politi og væpna styrkar på Huitaka. Styrkane vart formelt oppretta da Det planetære demokratiet vart etablert. Styrkane inngår også i den samla konføderale styrke­strukturen under Den konføderale over­kommandoen, sjølv om meste­parten av styrkane i fredstid vil vere under nasjonal kommando.