Skip to main content

Rikba

Versjon 0.2, 2022-01-30

Rikba (medlem: rakib, adj.: rikbansk, ev. rakibsk) er ein av dei større religionane i Jurakaŭe og først og fremst kjend som den offisielle religionen i Det avittiske riket. Rikba er ein utelukkande monoteistisk religion og anerkjenner ingen andre religionar eller gudane deira. Religionen er derfor i sterk religiøs konflikt med øvrige religionar. Dette gjeld særleg anterismen med sine mange gudar og tresamde ekteskap, men også kemismen, som rakibane ser som eit avvik og kjetteri basert på læra til ein falsk profet.

Demografi

Rikba er den offisielle statsreligionen i Det avittiske riket, og i følge offisiell statistikk er rundt åtti prosent av alle avidar rakibar. Religionen er også spreidd rundt elles i Jurakaŭe, med den største forsamlinga på Kamak.

Presteskapet har historisk vore kvinnedominert. Dette var særleg tilfelle blant avidane, og var sannsynleg ei motvekt til den manns­dominerte verdslege makta i det avittiske samfunnet. Dette er blitt noko meir balansert i nyare tid, men kvinner utgjer framleis fleirtalet av preste­skapet i dei større skolane.

Teologi

  • TODO: Kva er heilag, og kan folk vere det?

Rakibane tilbed berre éin Gud, skaparen av verda og alt i ho. Den rikbanske guden er personleg og aktiv, men Ho kommuniserer ikkje direkte med folket. Guds eksakte vesen er derfor ikkje kjent, og preste­skapet har via alle sine krefter til å studere og tolke Guds vilje som reflektert i Hennar skapar­verk og gjerning.

Sia Gud skapte alt, er også ein liten del av krafta Hennar i alt. Denne gudskrafta er inga personleg sjel, men ein guddommeleg energi som gjennomsyrar alt og alle. Skilnaden mellom levande skapningar og daude ting ligg først og fremst i mengda og naturen til denne guds­krafta, og når eit levande vesen døyr, vil noko av denne krafta gå over i andre ting og vesen. Rakibane trur derfor ikkje på noko liv etter døden og heller ikkje på noka personleg gjenføding, men på ei avgrensa vidare­føring av livs­krafta i alle vesen.

Fordi Guds kraft er i alt, kan også Gud påverke alle hendingar og handlingar viss Ho vil. Det er på denne måten Gud favoriserer, straffar eller grip inn i verda, og Gud er streng med Skapar­verket sitt. Eit liv i samsvar med Guds vilje og intensjonar vil derfor vere gunstig både for individet og for verda.

Det er allmenn semje om at Gud har ein plan for Skapar­verket. Den eksakte planen er ikkje kjend, men fleire skolar meiner målet er ei perfekt verd, ofte omtalt som Guds rike.

Organisering

Det rikbanske presteskapet består i hovudsak av religiøse forskarar innanfor det som kallast empirisk teologi – ei vitskapeleg tilnærming til Guds vesen og vilje gjennom observasjonar og teoriar. Prestane skriv bøker, tekstar og vitskapelege artiklar basert på funna sine og dei ulike konklusjonane dei meiner å kunne trekke ut frå dei. Desse tekstane utgjer grunnlaget for rikbansk teologi, og utvalet, samansettinga og tolkingane er stadig i endring.

Som følge av denne kontinuerlege endringa og fornyinga av teologien er det oppstått fleire ulike skolar innanfor rikba. Desse skolane er basert på ulike vurderingar og skil seg hovud­sakleg i kva teologiske verk dei held seg til og korleis dei tolkar dei. Dei fleste skolane er likevel i stor grad einige om hovud­trekka, og anerkjenner derfor kvarandre som felles søkande etter Guds sanne vesen. Dei som derimot måtte avvike for sterkt blir klassifiserte som sekter. Sektene på si side ser gjerne seg sjølv som fri­tenkande og uavhengige trus­fellesskap, som Fellesskapet Nye horisontar.

Ein skole blir som regel leia av ein rektor og eit råd, gjerne kalla Eldre­rådet, Minister­rådet eller Høgste­rådet avhengig av kva skole det er snakk om. Kvar skole organiserer sine eigne kyrkjer, som regel i nasjonale forbund, og medlemmane av ein skole står frie til å vitje alle kyrkjene innanfor same skole. Rakibar av andre skolar er også velkomne, så lenge dei aksepterer at kyrkja, prestane og dei øvrige medlemmane følger ein litt annan form for rikba enn dei sjølv.

Vaktarane

For meir informasjon, sjå Livets og skaparverkets vaktarar.

Rakibane har som einaste religion i Jurakaŭe ein historisk forankra para­militær organisasjon, kjend som Livets og skaparverkets vaktarar. I tillegg til å fungere som religiøse ordens­vakter driv Vaktarane ulike føretak og tilbyd ei rekke tenester til det rikbanske felles­skapet, inkludert bank­tenester, transport og hotell. Vaktarane er tolererte og representerte i både Inti- og Zuhe-systemet, om enn med varierande juridiske rettigheiter.

Praksis og ritual

Gjenstår:

  • Feiringar og høgtider
  • Gudstenester og tilbeding

Fødsel og modning

Barn blir velsigna ved fødselen og offisielt adoptert inn i den lokale kyrkje­lyden gjennom ein formell seremoni, der foreldra også fornyar forpliktinga si overfor Gud og kyrkja. Etter kvart som barna veks til, stadfestar dei si eiga forplikting i ein seremoni kjend som Det gode løftet, og dei hevdar dermed sin plass som full­verdige medlemmar i kyrkja.

Ekteskap

I motsetnad til anterismen tillèt rikba berre giftarmål mellom to personar. Opphaveleg var giftarmål avgrensa til å gjelde mellom ein mann og ei kvinne av same art, men begge desse krava er i dag delvis fjerna i dei fleste større skolane. Årsaka til dei to krava var at presteskapet meinte alle Guds handlingar skulle bringe verda vidare, og at ekteskapet derfor måtte kunne resultere i avkom.

Synet på Guds påverknad er i stor grad uendra, men konklusjonen er sia blitt revidert: giftarmål mellom alle kjønn og artar er no akseptert av dei fleste skolane, så lenge dei gifte lovar å vie ekte­skapet sitt til Gud. Enkelte skolar meiner også at dei som ikkje sjølv kan få barn må adoptere eller på anna vis skaffe seg barn for å oppfylle Guds ønske for ekte­skapet.

Døden

Fordi også dei daude ber med seg ein liten del av Gud, praktiserer alle dei største skolane i rikba kremering. Ved å kremere dei daude slepp den siste resten av guds­kraft fri og kan gjere nytte i resten av verda, i staden for å vere fanga i ein daud kropp.