Skip to main content

Evexine

Versjon 0.2, 2022-02-17

Evexine (monda: Eveksin) er ein privat romkoloni plassert ved Ĉaska sitt L5-punkt. Kolonien er den einaste av sitt slag i Inti-systemet: offisielt under paĉisk-ireĉenkisk jurisdiksjon, men i praksis ein kvasi­stat under Den sameinde Inti-administrasjonen (UIA). Kolonien er konstruert som eit par O'Neill-sylindrar og fungerer både som luksuriøs ferie­destinasjon og økonomisk «frihamn».

Økonomi

Evexine har ei fast befolking og er sjølvforsynt med agrikultur og mindre krevjande industri og produksjon, og kolonien fungerer derfor som ein delvis lukka økonomi. Inntektene kjem hovud­sakleg frå turisme. Kolonien er ein populær luksus­resort og kan tilby ein kontrollert atmosfære og svært komfortable fasilitetar for tilreisande. Låg skatt og inga meirverdi­avgift gjer dessutan sal av luksus­varer til turistar til ein lukrativ bedrift på Evexine. Kolonien består av to sylindrar som er sett opp med litt ulike profilar: Evexine-1 har moderne og luksuriøse fasilitetar med tilnærma sub­tropisk klima, mens Evexine-2 er retro-inspirert med friskare klima og større fokus på natur og meir «tradisjonell» stil.

Det i intisk samanheng svært liberale lov­verket har gjort det mogleg for Evexine å tilby ei rekke ting som ikkje er like tilgjengelege andre stadar, som varer og produkt, storstilte kasino, prostitusjon og ulike narkotiske substansar. Desse tinga er enten forbudne eller mykje strengare regulerte på planetane og dei statlege rom­stasjonane, men ettersom det ikkje er Administrasjonen sjølv som regulerer det, slepp Evexine stort sett unna med å halde seg til inter­planetære lover og traktatar.

Sia kolonien er innretta mot ein luksus­marknad har også det huitakiske teknologi­selskapet Primatech etablert ein filial på Evexine. Gjennom denne filialen produserer og leverer dei KI-system og antroidar til ei rekke føremål, frå hotell­drift til personleg assistanse. Filialen er den einaste Primatech har i Inti-systemet og fungerer derfor også som eit svært eksklusivt utsal for dei som ønsker ein Primavera-antroide i Inti-systemet, sjølv om antroidane må vere til­passa Administrasjonen sine restriksjonar for liv­aktig­heit.

Jurisdiksjon

Evexine vart ikkje etablert av Administrasjonen som eit statleg prosjekt og ligg i same bane som den ubefolka planeten Ĉaska. På same måte som skip i inter­nasjonale farvatn er kolonien derfor offisielt regulert av «flagg­nasjonen» der eigar­selskapet er registrert, og for Evexine Holdings er det det vesle paĉiske landet Ireĉenko.

Ireĉenkisk lovgjeving er generelt liberal. Aktivitet i verds­rommet er regulert på same vis som elles nasjonalt, og det er ingen særlege restriksjonar på rom­fart som ikkje er regulert direkte av UIA. Som eit spesial­tilfelle er ikkje «brott utan offer» kriminaliserte i rommet under ireĉenkisk lov.

Sia Evexine ikkje er UIA-styrt finst det nesten ikkje UIA-personell på kolonien. Ro, orden og kriminalitets­kontroll blir ivareteke av ireĉenkisk politi. Administrasjonen har likevel ein standard­representasjon beståande av nokre inspektørar og administratorar, slik han har i andre land på Paĉa. Som i alle medlems­land i Administrasjonen har dei intiske væpna styrkane, inkludert Fredskorpset, over­nasjonal autoritet på Evexine.

Fordi Evexine er ein koloni under nasjonal jurisdiksjon er han også det einaste ikkje-planetære operasjons­området for Fredskorpset. Både Hæren og Fredskorpset har gjennom­ført øvingar på kolonien, men berre ein liten kontingent frå Fredskorpset er fast stasjonert der. Som elles på Paĉa og Kamak har Fredskorpset berre ansvaret for særleg alvorlege hendingar og for trygging av sivilt UIA-personell og administrasjons­bygga deira.